Hopp til innhold

Trenar dømd til to års fengsel for å ha overvaka barn med spion-klokker

Ingen av jentene og gutane ante at trenaren filma dei i skjul med klokka si og kunne overvake dei døgnet rundt. Først då det kom opp ein ny knagg i garderoben gjekk alarmen.

Spionklokke i retten

Det ser ut som ei heilt vanleg klokke, men skjuler eit lite kamera. Trenaren på Sunnmøre forklarte i retten at han kjøpte fleire slike, og bytta dei ut etter kvart som dei var utslitne.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den kvite knaggen i garderoben viste seg å innehalde eit bittelite kamera som kunne filme jentene og gutane utan at dei visste det når dei dusja og skifta. Det blei starten på opprullinga av overvakinga på Sunnmøre som omfattar til saman 27 jenter og gutar og har gått føre seg i ti år.

Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg utelukkar ikkje at det er fleire fornærma i saka, som dei ikkje har klart å spore opp.

Foto: Synnøve Hole / NRK

For borna og foreldra var det eit sjokk å oppdage kva trenaren gjorde i skjul. For utan at dei visste det, hadde han også full tilgang til datamaskinene og mobilane til mange av borna.

– Det står fram som veldig utspekulert og kreativt i forhold til å forsøkje å filme ungdom i situasjonar der dei er nakne. Slik omtalar statsadvokat Magne Nyborg saka.

No er mannen dømd til fengsel i to år for overvakinga. I tillegg er han funnen skuldig i seksuelt overgrep mot ei sovande kvinne, for nedlasting, oppbevaring og produksjon av store mengder seksualiserte bilde og filmar av barn.

Tok kontroll over mobilar og datamaskiner

Den populære trenaren fortalde i retten nyleg at han kjøpte fleire spion-klokker, to klesknaggar og ein røykvarslar med innebygde kamera. Målet var å kunne smugfilme når han var innom garderobane til borna han trente. I retten blei det også lagt fram nærbilde av rumper til tilfeldige jenter han passerte på butikkar og kjøpesenter. På datamaskina til trenaren fann politiet nærare 9 000 slike bilde tatt i skjul.

Spionknagg

Mannen blei avslørt då nokre av jentene han trente, reagerte på ein ny, kvit knagg i garderoben. Den svarte prikken øvst viste seg å vere ei lita kameralinse.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Men det stoppa ikkje der. Mannen lurte også ei rekkje jenter og gutar han var trenar for til å sjølve installere avanserte spionprogram på mobilane og datamaskinene sine. Dette fekk han til ved å sende dei meldingar med tilsynelatande uskuldige lenker som han bad dei trykke på. Når dei så gjorde det, kunne han i fred og ro studere bilda, meldingane og e-postane deira utan at dei ante noko.

Skjermdump av messengermelding

Mannen skal ha sendt denne meldinga til fleire av dei han var trenar for. Ved å trykke på lenka, fekk han full tilgang til pc-ar og mobilar.

Foto: Synnøve Hole

Slik skaffa han seg også tilgang til kamera på datamaskinene deira og kunne fritt følgje med på kva som skjedde på jente- og guteromma.

– Dei kjenner seg utnytta av ein dei oppfatta som ein venn og trenar, sa bistandsadvokat Anne Hovde då Sunnmøre tingrett behandla saka sist veke.

Anne Hovde

Anne Hovde er bistandsadvokat for dei fleste av jentene og gutane politiet har klart å spore opp. Fleire av dei var sterkt prega då dei forklarte seg i Sunnmøre tingrett sist veke.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Trenar i eit stort idrettsmiljø

Mannen i 30-åra har no flytta frå bygda der han var trenar i eit miljø med hundrevis av jenter og gutar. I retten fortalde han lågmælt at han tilfeldig kom over klokkene som kunne gjere skjulte opptak og at dei var svært enkle å ta i bruk.

Han har etter kvart lagt alle kort på bordet og vedgått straffskuld, med unntak av eit tilfelle av det aktor meinte var sove-valdtekt. Dette punktet er han frifunnen for. Retten konkluderer i staden med at mannen har gjort seg skuldig i seksuell handling.

– Det er eg svært overraska over, seier Mette Ekroll Nyland.

Mette Ekroll Nyland

Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland er overraska over at mannen ikkje blei funnen skuldig i sove-valdtekt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ho er bistandsadvokat for ei ung kvinne som blei kalla inn til politiet og vantru såg ein film av seg sjølv der mannen forgreip seg seksuelt mot henne medan ho sov.

Fortalte i retten om store utfordringar

Mannen viste liten anger, men fortalde i retten om store utfordringar med rus, og mangel på langvarige forhold. Han meiner sjølv at overvakinga av borna han trente, på mange måtar var ei erstatning for det han mangla i livet.

Han er no også dømt for oppbevaring av seksualiserte bilde og filmar av til dels små barn, men slepp å betale erstatning til dei han var trenar for.

– Det syns eg ikkje noko om i det heile tatt. Dette er ei krenking av privatlivet og folk sin integritet som burde hatt eit erstatningsrettsleg vern, seier bistandsadvokat Anne Hovde.

Mannen sin forsvarar seier at trenaren er fornøgd.

– Han er letta over at dette er over. Han har slått seg til ro med resultatet og kjem ikkje til å anke, seier mannen sin forsvarar, Mats Sakse Opshaug.

Mats Sakse Opshaug

Mannen sin forsvarar, Mats Sakse Opshaug, seier trenaren er fornøgd med dommen og letta over at saka er over.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL