Hopp til innhold

Trenar tiltalt for å ha overvaka tenåringsjenter med spionprogram

Ein sunnmørsmann er tiltalt for filming og overvaking av 27 jenter og gutar han var trenar for. Dette skal han ha klart ved hjelp av dataprogram, skjulte kamera i klokker og garderobe-knaggar.

Skjermdump av messengermelding

Mannen skal ha sendt denne meldinga til fleire av dei han var trenar for. Ved å trykke på lenka, skal dei ha gitt han full tilgang til pc-ar og mobilar.

Foto: Synnøve Hole

Politiet på Sunnmøre har dei siste tre åra rulla opp det som etter tiltalen å dømme er ei svært omfattande overvakingssak. Mannen, som har vore ein populær og omtykt trenar, skal ha smugfilma og overvaka tolv jenter og gutar medan dei var nakne. 15 andre skal han ha filma, men utan at dei kledde av seg.

Mannen skal ha tatt i bruk både klokker og kle-knaggar med innebygde, skjulte kamera.

Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg ser ikkje bort frå at det kan vere fleire fornærma i saka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ifølgje tiltalen har han også skaffa seg tilgang til datamaskinene til fleire av dei fornærma.

– Det står fram som veldig utspekulert og kreativt i forhold til å forsøkje å filme ungdom i situasjonar der dei er nakne, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Det mest alvorlege tiltalepunktet omfattar seksuell omgang med ei sovande kvinne på fest. Fleire av punkta har ei strafferamme på fleire års fengsel.

Knagg i garderoben

Alarmen gjekk då nokre av jentene oppdaga ein uvanleg knagg i garderoben etter ei trening. Politiet meiner at trenaren også fekk lurt fleire av dei til å installere spionprogram på datamaskiner og telefonar. Dermed fekk han tilgang til videokamera på datamaskinene deira, og kunne filme og overvake dei utan at dei ante noko.

Bilde av kameraet frå garderoen

Kameraet som mannen mellom anna skal ha hengt opp i ein garderobe.

Foto: Politiet

Dette skal ha skjedd i stor stil. Til saman er 28 fornærma i saka, mange av dei 14-15-års-alderen.

– Det kom som lyn frå klar himmel og var eit forferdeleg slag for alle. Han var ein utadvendt og godt likt mann, seier ein leiar i klubben der mannen har vore trenar for ei tid tilbake.

Han seier saka har vore ei stor belastning, og er kritisk til at politiet har brukt nesten tre år på å utarbeide ein tiltale. Ifølgje politiet har det vore eit omfattande materiale å gå gjennom.

Kan vere fleire

Mannen i 30-åra skal ha vore involvert i treningsmiljøet der han budde i årevis og hatt kontakt med hundrevis av spelarar.

Klokke og knagg med skjult kamera

Mannen skal ha tatt i bruk både klokker og kles-knaggar for å filme jenter og gutar han var trenar for.

Foto: Politiet

Statsadvokat Magne Nyborg ser ikkje bort frå at det kan vere fleire fornærma i saka.

– Det er mogleg. Dette er i alle fall dei vi har klart å finne ut frå det beslaglagde datamaterialet hos tiltalte, seier han.

Mannen sin advokat vil førebels ikkje kommentere saka, men ifølgje politiet har mannen vedgått i avhøyr at han filma nokre av dei han var trenar for ved hjelp av skjult kamera i ein knagg.

Anne Hovde er bistandsadvokat for fleire av dei fornærma i saka, ho kan heller ikkje kommentere saka no. Det er førebels ikkje sett av tid til saka i Sunnmøre tingrett.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL