Hopp til innhold

Sikta for smugfilming: Denne knaggen skjulte eit kamera

Ein mann i 20-åra har vedgått at han har tatt uvanlege metodar i bruk i forsøket på filme lettkledde damer i garderoben. Datatilsynet seier slike kamera er stadig enklare å få tak i.

Bilde av kameraet frå garderoen

Det var dette "spionkameraet", utforma som ein knagg, som blei hengt opp i kvinnegarderoben i eit treningssenter i ålesundsområdet nyleg. Bildet i midten viser kamera-knaggen bakfrå. Til høgre viser innmaten.

Foto: Politiet

Den kvite knaggen er mindre enn ein kulepenn, og ser ut som ein vanleg knagg, men skjuler eit kamera. No er kamera-knaggen beslaglagt og ligg på Ålesund politistasjon.

Rett før helga blei ein mann i 20-åra pågripen og sikta for å ha filma i kvinnegarderoben på eit treningssenter i ålesundsområdet.

Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier siktinga kan bli utvida for mannen i 20-åra som skal vedgår at han har hengt opp eit kamera i kvinnegarderoben på eit treningssenter.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– Det er ikkje lov å setje opp eit skjult kamera på ein stad som blir brukt av kven som helst. Det er klart at mannen var ute etter lettkledde eller avkledde damer, det har han også sjølv vedgått, seier politiadvokat Mathias Häber til NRK Møre og Romsdal.

Les også:

– Knaggen skilte seg ut

Det var eit jentelag i ålesundsområdet som oppdaga den uvanlege knaggen i garderoben.

– Knaggen skilte seg ut ved den måten han hang på, han var iaugefallande mellom anna fordi han hang så lågt, seier etterforskingsleiar Roar Fylling.

Fylling seier filmen dei klarte å gjenskape viser personar i garderoben, men ingen lettkledde eller nakne.

Kameraet har ifølgje politiet henge i garderoben ein kort periode, og skal, ved hjelp av ein sensor, ha blitt aktivert i det folk kom inn i garderoben.

Åtvarar mot ulovleg filming

Marte Skaslien

Rådgjevar Marte Skaslien i Datatilsynet seier det er lett å kome i konflikt med lovverket, for den som filmar andre utan at dei er klar over det.

Foto: Datatilsynet

Ifølgje Datatilsynet blir det stadig fleire slike kamera på marknaden. I utgangspunktet er dei lovlege å bruke, men rådgjevar Marte Skaslien seier det er lett å kome i konflikt med lovverket.

Personopplysningslova set grense for filming av andre, men opptaka kan også bli råka av straffelova, dersom innhaldet til dømes er seksuelt krenkande.

Det er utfordrande fordi det kan vere enkelt å henge opp utan at andre personar ser det. Og det er klart at det er krenkande og ubehageleg å bli filma utan å vite om det, seier Skaslien.

"Spion-kamera" kan kan vere utforma til dømes som ein knagg, kopp eller ein penn. Skaslien ser likevel ingen grunn til å be folk flest om å vere på vakt.

Som hovudregel trur eg ikkje dette er noko vanleg menneske gjer, men meir enkeltståande hendingar, seier ho.

Førebels sikta for krenkande åtferd

Mannen i 20-åra er førebels sikta etter straffelova 298, om seksuelt krenkande åtferd, men politiadvokat Mathias Häber seier det kan bli aktuelt å utvide siktinga.

Mannen har i avhøyrt vedgått det han er skulda for, og er sett fri.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i mannen, og han har førebels ikkje fått nemnd opp nokon forsvarar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL