Hopp til innhold

Tredobling i talet på medlemmar i NHO

Frisør Heidi Kristin Nerås var ikkje organisert før, men no skal ho aldri melde seg ut igjen. Årsaka er korona-krisa, og den hjelpa ho har fått frå fagforeininga.

Heidi Kristin Nerås. Driv frisørsalongen Frisør1.

NYLEG BLITT MEDLEM: Frisøren føler ho får den hjelpa ho treng gjennom medlemsskapet i NFVB.

Foto: Privat

Heidi Kristin Nerås er ein av dei som valde å melde seg inn i ein fagorganisasjon då koronakrisa kom for fullt. Ho måtte stenge frisørsalongen.

– Tidlegare såg eg ikkje heilt nytta av å vere medlem. No får eg veldig mykje att for å vere medlem, og kjem aldri til å melde meg ut igjen, seier Nerås.

Ho driv salongen Frisør1 på Eide på Nordmøre og er den einaste frisøren der. Medlemsskapet i NFVB (Norske frisør og velvære bedrifter), som er ein underorganisasjon til NHO, gir ro i ei vanskeleg tid.

– Eg synest situasjonen er enklare å takle no. Eg er ein del av ein større gjeng, og saman står vi sterkare, seier ho.

Det har vore 13 gode år i salongen. Når det brått sa stopp ser ho verdien i å vere organisert. Ho oppmodar andre frisørar om å gjere det same.

– Eg har klart meg åleine når det har vore gode tider, men no har eg stort behov for hjelp. Når eg kan rådføre meg med andre i same situasjon, så har dette gitt meg ro, seier ho.

70 prosent medlemsauke

NHO kan stadfeste at dei har hatt stor auke i talet på medlemmer dei siste tre vekene.

Simon Justnes, Avdelingsdirektør Salg og Marked NHO

NHO kan stadfeste at dei har hatt stor auke i talet på medlemmer dei siste tre vekene. 

Foto: Moment Studio

– NHO fekk i mars 350 nye medlemsbedrifter. Det er ein auke på 70 prosent samanlikna med tidlegare år, seier Simon Justnes, avdelingsdirektør sal og marked.

NHO seier også at bedrifter som har sagt opp medlemskapen no trekkjer oppseiinga, for å kunne dra nytte av å vere medlem i ei vanskeleg tid.

Også LO melder om mange nye medlemmer.

– Berre i mars fekk vi 11 000 nye medlemmer, og vi nærmar oss no ein million totalt sett, seier Geir Solaas Moen, som er spesialrådgjevar i LO.

Samanlikna med mars ifjor er dette ein auke på 39 prosent i medlemsmassen.


Mange frisørar har meldt seg inn

 Anne-Mari Halsan, administrerande direktør i NFVB.

STOR AUKE: NFVB som er fagorganisasjonen til frisørar og dei som driv innan velværeyrket, har merka stor auke i talet på bedrifter som ønskjer å melde seg inn.

Foto: Natalia Pipkina

NFVB kan stadfeste at mange i frisør- og velværeyrket har meldt seg inn i løpet av dei siste tre vekene.

– Vi har fått like mange innmeldingar i løpet av desse vekene som vi normalt sett får på to år, seier Anne-Mari Halsan, administrerande direktør i NFVB.

– Er det greitt at ein nyttar seg av tilbodet berre når ein hamnar i ei krise?

– Normalt sett oppmodar vi om at dei melder seg inn uavhengig av om det er ei krise eller ikkje. Men det er veldig forståeleg at dei kjem no i denne situasjonen. Dette gir oss større gjennomslag, seier Halsan.