Tre nye fylkesmenn utnemnde i dag: – Uheldig om partifargen bestemmer

Bent Høie (Høgre), Else-May Botten (Ap) og Tom Cato Karlsen (Frp) vart i statsråd utnemnde til fylkesmenn i dag. Det får fleire til å stusse.

Tom Cato Karlsen, Else-May Botten, Bent Høie

NYE FYLKESMENN: Tom Cato Karlsen (Frp), Else May Botten (Ap) og Bent Høie (H) vart utnemnde til fylkesmenn i høvesvis Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland.

Foto: BJØRN LUNDE, HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB SCANPIX, BERIT ROALD / NTB SCANPIX

– Dersom det er gode personar som ikkje blir valde grunna feil partipolitisk farge er det uheldig, seier Eivind Smith, professor i offentleg rett.

Høie, Botten og Karlsen blir fylkesmenn i høvesvis Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland, trass i at dei to førstnemnde ikkje kan starte i dei nye jobbane sine før om tre år. Høie og Botten er nemleg stortingsrepresentantar fram til 2021, om dei ikkje sit i regjering, slik Høie gjer no.

Monica Mæland, Bent Høie og Else-May Botten

VART GRATULERTE: Kommunalminister Monica Mæland presenterte Bent Høie og Else May Botten som nye fylkesmenn i føremiddag, men ingen av dei kan starte før om tre år. Tom Cato Karlsen hadde ikkje høve til å vere med på seansen. – Vi får med på laget tre dyktige personar med spennande og variert bakgrunn, sa Mæland ifølgje NTB.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Ein stilltiande avtale

Å vere fylkesmann betyr at ein er kongen og dermed regjeringa sin representant i fylka. Det er ingen regel som seier at det er eks-politikarar som får desse jobbane. Men slik er det oftast.

Og ifølgje Sunnmørsposten sin kommentator Geir Strand er det ein «stilltiande avtale» mellom partia at dei største partia skal ha flest fylkesmenn, medan dei minste partia skal ha nokre.

Bernt Aardal

HANDLAR OM KABALAR SOM SKAL GÅ OPP: Det seier valforskar og professor Bernt Aardal.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Men i og med at ein med ny regioninndeling går frå 18 til 10 fylkesmenn betyr det at dei minste partia er sjanselause til å få meir enn éin.

At Valgerd Svarstad Haugland skal bli ny fylkesmann i Oslo og Viken kan dermed ha vore ein grunn til at May-Helen Grimstad Molvær, med 16 års stortingsbakgrunn for KrF, ikkje når opp i Møre og Romsdal.

– Det er openbert at partipolitisk samansetjing for fylka totalt sett spelar inn. Det er tradisjon for ein viss balanse, seier Bernt Aardal, valforskar og professor.

– Følast urettferdig

Eivind Smith

PARTIFARGE BØR IKKJE BESTEMME: Det meiner professor Eivind Smith.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Eivind Smith fortel at det for 15–20 år sidan var nokre regjeringar som begynte å utnemne også ikkje-politikarar til stillingane som fylkesmenn, men no har ein gått tilbake til den gamle metoden.

– Det viktigaste er at det er godt eigna personar som får jobben. Politisk erfaring kan vere ein god eigenskap, men det må heller ikkje vere den einaste eigenskapen, meiner Smith.

– Det følest nok urettferdig ut for dei som ikkje når opp, supplerer Bernt Aardal.

Alle unntatt Sp og SV

Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland

VESTLAND: Lars Sponheim er i dag fylkesmann i Hordaland. Frå 2020 av får han same jobb i nye Vestland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tre tidlegare Høgre-politikarar, tre frå Ap, to frå Frp, éin frå Venstre og éin frå KrF har dei nye fylkesmannsstillingane etter at dei nye regionane er klare 1. januar 2020 (og dei siste har kome tilbake frå Stortinget eller regjeringa hausten 2021).

Fylkesmannen i Oslo og Akershus ved fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland legger fram forslag til kommunestruktur i fylket onsdag i Oslo.

I OSLO OG VIKEN: Valgerd Svarstad Haugland er i dag fylkesmann i Oslo og Akershus, og blir frå 2020 av fylkesmann i Oslo og Viken.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det betyr at alle partia over sperregrensa med unntak av Senterpartiet og SV er representerte.

Ser ein på denne oversikta kan ein forstå kvifor ein person som May-Helen Molvær Grimstad med sine 16 år på Stortinget for KrF, eller den tidlegare Venstre-representanten Pål Farstad, som også søkte, ikkje nådde opp i Møre og Romsdal.

Når det er sagt har også Else May Botten, som fekk jobben, vore fast stortingsrepresentant for Ap sidan 2009.

– Eg ønskjer den nye fylkesmannen lykke til med ein spennande og interessant jobb, kommenterer May-Helen Molvær Grimstad.

Ny rådmann i Sykkylven

NÅDDE IKKJE OPP: May-Helen Molvær Grimstad sat 16 år på Stortinget for KrF. Ho er no rådmann i Sykkylven kommune. Men jobben som ny fylkesmann i Møre og Romsdal gjekk til Arbeidarpartiets Else-May Botten. Ho har vore fast stortingsrepresentant sidan 2009 og har mellom anna også vore LO-sekretær i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

PS. Tidlegare statsråd for Frp, Solveig Horne, var ein av søkarane til stillinga i Rogaland.