Hopp til innhold

Travle dagar for brannvesenet

Medan mange av oss har fri og nyt julefreden, er det andre som alltid er på jobb. Kvar dag rykker brannvesenet ut på ulike brannalarmar fleire stadar i fylket.

Brannbil illustrasjon

ILLUSTRASJONSFOTO: Kvar dag rykker brannvesenet ut på brannalarmar ulike stadar i fylket.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Nei, vi er alltid bemanna så juleferie er nok eit ukjent omgrep for mange av oss, seier Åge Henriksen, brannmeister ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Sidan 23. desember har brannvesenet rykka ut på over 20 automatiske brannalarmar (ABA) ulike stadar i fylket. Dette talet er ikkje unormalt høgt, men kan likevel by på utfordringar.

– Eit problem er når den same automatiske brannalarmen kjem frå same stad gjentatte gangar utan at det blir gjort utbetrande tiltak som hindrar at alarmen blir utløyst unødvendig, seier Henriksen.

– Vi ser på det som ei brannmelding fram til det motsette er bevist, så det er klart at det går ein del ressursar til å kontrollere desse automatiske brannmeldingane, held han fram.

Betre føre var..

Brannmeisteren ved 110-sentralen vektlegger likevel at dei gledeleg rykker ut ein gong for mykje enn ein gong for lite.

– Mange av dei automatiske brannalarmane skuldast damp frå dusjing, matlaging eller tekniske feil og støv, medan ein del av dei også er branntilløp i bustader og institusjonar. Difor ser vi aldri på ein automatisk brannalarm som ein bagatell, seier Henriksen.

– Vi må sjekke alle meldingar for å vere sikker på at det ikkje er brann, held han fram.

Han oppmodar likevel publikum om å gi snarleg beskjed i dei tilfella der brann ikkje er årsaka til alarmen.

– Vi ønskjer at folk tek kontakt og varslar oss dersom dei løyser ut ein alarm. På den måten kan vi avbryte utrykkinga tidlegare, og i nokre tilfelle hindre utrykking totalt sett, seier brannmeisteren.

Fleire alarmar knytt til matlaging i jula

Så langt i jula har brannvesenet rykka ut på om lag 80 ulike hendingar, som inkluderer alt frå brann, trafikkulukker, førebyggande tiltak og automatiske brannalarmar til å hjelpe politi eller helse.

– Med ein gong det vert glatt får vi fort meir å gjere, seier Henriksen.

Han fortel at dei også rykker ut på fleire matrelaterte hendingar i juletida.

– Det er som regel litt meir steikeomn bruk i desse tidene no enn før jul, så mange av dei automatiske brannalarmane den siste tida skuldast matlaging, seier brannmeisteren.

– Då kan det vere lurt å bruke vifter og lufte ut skikkeleg. Eit anna tips er å ikkje opne steikeomn døra for fullt med ein gong, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL