Hopp til innhold

Uroar seg over at unge lever brannfarleg

Brannvesenet meiner at skuleelevar og studentar er for lite opptekne av branntryggleik når dei flyttar på hybel.

Overbrannmester Øyvind Seth

Overbrannmeister i Ålesund brannvesen er uroa over at unge ikkje er opptekne av branntryggleiken i bustaden sin.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Mange ungdommar har akkurat flytta på hybel for første gong. Brannvesenet uroar seg over at mange ungdommar lever brannfarleg, og difor fekk desse fire jentene herrebesøk allereie første skuledag.

Ikkje oppteken av branntryggleik

Ellen Hauvik

Ellen Hauvik har nett flytta til Ålesund i ny leilegheit.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Fire jenter bur saman i leilegheita i Ålesund. Dei har kvart sitt soverom, og deler stue, kjøkkenkrok og bad. Ellen Hauvik (18), som no starta på Borgund vgs., er ikkje spesielt oppteken av branntryggleik.

– Heilt ærleg så har eg ikkje tenkt noko særleg på det. Eg er sjølvsagt oppmerksam når vi tenner lys, men eg har ikkje tenkt på alt det andre som kan vere brannfarleg, seier Hauvik.

Vande med at andre passer på

Ho var ikkje heilt sikker på om dei hadde brannsløkkingsapparat i leilegheita – men det fekk brannvesenet raskt klårleik i.

Overbrannmeister i Ålesund brannvesen, Øyvind Seth, seier at dei ofte møter unge som ikkje er oppmerksame nok.

– Vi ser ofte at nyetablerte hybelbuarar ikkje tenker over at brann kan oppstå. Dei er vande med at andre passer på slikt, seier Seth.

Mange ungdommar har akkurat flytta på hybel for første gong. Brannvesenet uroar seg over at mange ungdommar lever brannfarleg, og i Ålesund fekk ferske hybelbuarar besøk i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL