NRK Meny
Normal

Opplæring i heimar har gitt færre brannar

Det er høgsesong for bustadbrannar, men mykje kunne ha vore unngått med enkle grep, meiner brannvesenet.

Det er høgsesong for bustadbrannar, men mykje kunne ha vore unngått med enkle grep, meiner brannvesenet.

Sjå tv-saka: Brannvesenet i Surnadal jobbar målretta for å få færre brannar.

Dei satsar stort på førebyggande arbeid og jobbar mykje med førebyggande arbeid for å unngå brannar. Brannvesenet i Surnadal meiner brannar har vorte unngått på grunn av god opplæring.

Feiar og brannmann Jon Nordvik reiser rundt til folk for å inspisere og å gi gode råd om korleis ein bør brannsikre heimen sin.

Viser igjen på statistikken

Han fortel at i starten syns folk at det var litt uvant å få besøk av brannmenn, utan at det var flammar noko stad. Men no verkar det som om folk forstår at det er viktig med førebygging.

Brannsjef i Surnadal, Tor Arne Moen

Tor Arne Moen, brannsjef i Surnadal, seier at arbeidet deira har gjort forskjell.

Foto: Roar Halten / NRK

Tala på brannar i Surnadal kommune viser at det har hjelpt. Null i heile 2014.

– Feiarar og brannmenn reiser rundt på skuler, barnehagar, burettslag, pensjonistforeiningar og gardsbruk for å snakke om brannvern. Etter at vi starta med det har vi sett at vi har mindre utrykkingar til brannar, seier brannsjefen i Surnadal, Tor Arne Moen.