Opnar veg etter ulykke
Fylkesveg 656 ved Magerholm i Ålesund er no open etter trafikkulykka tidlegare i dag. Det opplyser Statens vegvesen.
Fylkesveg 656 ved Magerholm i Ålesund er no open etter trafikkulykka tidlegare i dag. Det opplyser Statens vegvesen.
Ei kvinne i 20-åra har moderate skader etter å ha køyrd av vegen ved Magerholm i Ålesund søndag formiddag. Det opplyser Helse Møre og Romsdal. Kvinna er innlagt ved intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus og skal vere stabil.
Føraren av bilen som var involvert i ei trafikkulykke ved Magerholm i Ålesund er frakta til sjukehus med ambulanse. Skadeomfang er så langt ukjent. Ifølgje TV 2 skal personen ha vore fastklemt i bilen etter å ha køyrd i ein fjellvegg. Politiet opplyser at vegen vil bli stengt i ei lengre periode på grunn av undersøkingar. – Politi og ulykkesgruppa til Statens vegvesen vil gjere undersøkingar på staden og sikre spor. Vegen blir difor truleg stengt i fleire timar, seier Svein Harsjøen, operasjonsleiar i politiet. Omkøyring blir skilta via E39/E136, opplyser Statens vegvesen.
Fylkesveg 656 blir stengt aust for ferjekaia på Magerholm i Ålesund som følgje av ei trafikkulykke. Alle naudetatane er på staden. 110-sentralen i Møre og Romsdal opplyser at dei er ute med bilar frå fleire stasjonar. Ein person skal vere tatt ut av bilen og blir behandla av helse. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd denne personen er.
Eit køyretøy har vore involvert i ei trafikkulykke ved Magerholm i Ålesund. Det skal vere snakk om personskade, men det er så langt uklart kor alvorleg denne skaden er. Naudetatane er på veg til staden.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.