Hopp til innhold

Moderate skader etter ulykke

Ei kvinne i 20-åra har fått moderate skader etter å ha køyrd inn i ein fjellvegg ved Magerholm i Ålesund.

Trafikkulykke Magerholm Ålesund

Ein person blei frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke på Sunnmøre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det opplyser Helse Møre og Romsdal.

Kvinna i 20-åra er innlagt ved intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus og skal vere stabil.

Køyrde inn i ein fjellvegg

Det var i 11.20-tida søndag at politiet melde om ei trafikkulykke ved Magerholm i Ålesund.

Alle naudetatane rykte ut til staden der ein person sat fastklemt etter å ha køyrd av vegen og inn i ein fjellvegg. Brannvesenet måtte hjelpe til med å få personen frigjort frå bilen.

– Vedkomande blei henta av ambulanse og køyrd til sjukehus. Skadeomfang er så langt ukjent, sa Arild Reite, operasjonsleiar i politiet til NRK søndag formiddag.

Det var berre ein person i bilen då ulykka skjedde, og ingen andre bilar skal ha vore involvert.

Skal gjere undersøkingar på staden

Fylkesveg 656 blei stengt aust for ferjekaia på Magerholm i Ålesund som følgje ulykka. Politiet opplyser at vegen vil bli stengt i ei lengre periode på grunn av undersøkingar.

– Vi er på staden og gjer undersøkingar no. Vi ventar også på bistand frå Statens vegvesen si ulykkesgruppe. Dei vil kome med teknikarar for å gjennomføre sine undersøkingar. Dette vil nok ta fleire timar, seier Reite til NRK søndag formiddag.

Operasjonsleiaren seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

Omkøyring blir skilta via E39/E136, opplyser Statens vegvesen.

Ein person blei frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke på Sunnmøre.