Hopp til innhold

Fleire er sikta etter masseslagsmål på Åndalsnes

Politiet i Møre og Romsdal har sikta ytterlegare fire belgiske soldatar etter eit masseslagsmål på Åndalsnes.

Utenfor Nabo'n pub i Åndalsnes. Det er blodflekker på bakken.

SLÅSTKAMP: Det var natt til 18. februar at belgiske soldatar og fleire lokale var involvert i eit slagsmål i sentrum av Åndalsnes.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Natt til søndag 18. februar rauk fleire titals personar saman utanfor Nabo'n pub på Åndalsnes. Blant dei involverte var ein rekke soldatar frå det belgiske forsvaret.

I etterkant av hendinga blei fire av desse soldatane sikta i saka. No opplyser politiet at den vidare etterforskinga har gitt grunnlag for å sikte ytterlegare fire personar.

Anders Skorpen-Trøen, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, seier dei har gått gjennom store mengder avhøyr og videomateriale.

– Gjennom etterforskinga har vi identifisering og sikta ytterlegare fire soldatar som vi meiner har utøvd vald. Til saman åtte er sikta for grov kroppskrenking, seier han til NRK.

Skorpen-Trøen seier vidare at dei har samarbeida godt med belgisk militærpoliti og leiinga i den belgiske delegasjonen med å identifisere dei involverte.

Les også Politiet utelukkar ikkje at fleire kan bli sikta etter masseslagsmål

Nabo'n pub i Åndalsnes.

Etterforskinga held fram

Møre og Romsdal politidistrikt etterforskar framleis årsaka og omstenda rundt slåstkampen. Dei jobbar mellom anna med å identifisere kva part som provoserte til vald, og kva konkrete valdshandlingar som blei gjort av dei belgiske soldatane og dei lokale innbyggarane.

Anders Skorpen-Trøen står utenfor politistasjonen i Molde. Han har på seg politiuniform, og ser alvorlig inn i kamera.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Politiet held også fram med etterforskinga av det som ikkje er fanga på video.

– Vi undersøker om det er grunnlag for å mistenke nokon av dei lokale for å ha provosert eller på anna måte bidratt til at det blei ein slik slåstkamp, seier Skorpen-Trøen til NRK.

Dei undersøker også om lokale innbyggarar har utøvd vald mot dei belgiske soldatane.

– Vi har hatt fokus på å identifisere særleg dei belgiske soldatane i og med at det er eit tidspress her. No ser vi på om det er nokon frå lokalbefolkninga som peiker seg ut.

Fleire titals personar var involvert i slåstkampen i Rauma.

Skorpen-Trøen vil ikkje utelukke at det kan bli fleire sikta, men at det ikkje er meldt om skader på dei belgiske soldatane som følge av hendinga.

– Så det må i så fall vere for å ha provosert eller på ein anna måte bidratt til at det blei så voldsomt som det vart.

På noverande tidspunkt er seks personar registrerte som fornærma i saka. Ein av dei fornærma blei lagt inn på sjukehus etter hendinga, men har sidan blitt skrive ut. Det er uklart om personen har fått langvarige skader. I tillegg skal fem personar ha blitt lettare skadd.

Politiadvokaten seier dei er i ei avsluttande fase av etterforskinga og at dei tek sikte på å sende den over til Statsadvokaten innan svært kort tid.

– Så får dei vurdere om det er grunn til å gi ein reaksjon ovanfor nokon, seier Skorpen-Trøen.

Les også Jovie varsla politiet: – Det var 20–30 personar som slost

Valdshendinga skal ha skjedd her på Naboen Pub i Åndalsnes.

– Godt samarbeid

Dei belgiske soldatane er ein bataljon av fallskjermjegerar som er på vintertrening hos Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11). Øvinga varer fram til 8. mars.

– Vi har eit godt samarbeid med belgiske styresmakter på fleire nivå. Både militærpolitiet på Setnesmoen og leiinga av den belgiske delegasjonen lokalt. I tillegg samarbeider vi med dei på eit høgare nivå, seier Skorpen-Trøen.

Den belgiske føderale påtalemakta vil understreke at samarbeidet mellom dei og den norske påtalemakta har vore veldig godt.

– På dette stadiet har norske myndigheiter framleis kontroll på etterforskinga. I tillegg blei to belgiske politi frå eininga som spesialiserer seg på militærsaker sendt til staden. På dette stadiet er ingen belgiske tenestemenn i isolasjon, opplyser dei i ei pressemelding.

Les også Det belgiske forsvaret beklager etter slåsskampen: – Undergraver vårt internasjonale omdømme

Nabo'n pub i Åndalsnes.