Hopp til innhold

Politiet utelukkar ikkje at fleire kan bli sikta etter masseslagsmål

Politiet held fram etterforskinga etter masseslagsmålet på Åndalsnes natt til søndag. Fleire personar frå det belgiske militæret var involvert i hendinga.

Nabo'n pub i Åndalsnes.

SLAGSMÅL: Det var nat til søndag at fleire titals personar var involvert i eit slagsmål utanfor Nabo'n pub i Åndalsnes sentrum.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Tysdag gjennomfører politiet ein rekke avhøyr etter slåstkampen som skjedde på Åndalsnes i Rauma i helga.

Ein person blei send til sjukehus og fire belgiske soldatar blei arresterte etter at fleire titals personar rauk saman utanfor Nabo'n pub.

– Politiet er på plass med store ressursar. Etterforskinga held fram utover kvelden og vi vil gjennomføre fleire avhøyr både på Åndalsnes og på Setnesmoen militærleir, seier politiinspektør Anders Skorpen-Trøen.

Han seier at dei kjem til å snakke både med dei belgiske soldatane, og med personar frå lokalbefolkninga som var til stades.

Les også Jovie varsla politiet: – Det var 20–30 personar som slost

Valdshendinga skal ha skjedd her på Naboen Pub i Åndalsnes.

Kan bli fleire fornærma og mistenkte

Fire personar har status som fornærma, og éin blei sendt til sjukehus etter hendinga.

– Eg kan ikkje gå inn på tilstanden hans, anna enn at han ikkje lenger er på sjukehus, seier Skorpen-Trøen.

Anders Skorpen-Trøen

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier at dei jobbar for å få oversikt over alle dei involverte i hendinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Målet til politiet er å få detaljert informasjon av kva som skjedde, både i forkant av og under sjølve slagsmålet.

– Vi jobbar for å få ei betre oversikt over situasjonen og dei involverte, kva som skjedde og kva som var årsaka til dette.

Skorpen Trøen seier at politiet no har ein god del informasjon om kven som er fornærma, og kven som er gjerningspersonar i saka. Han utelukkar ikkje at det kan bli fleire.

– Det var ein kaotisk og uoversiktleg situasjon. Gjennomgangen av videoar frå hendinga, samanlikna med avhøyr, viser at det kan vere fleire involverte. Det er mange hendingar samtidig og det er mange som slåst. Det kan både vere fleire fornærma og fleire som blir mistenkte i saka.

– No må vi prøve å finne ut kva som er alvorleg, kva som hadde stort skadepotensial og kva som er mindre alvorleg, legg han til.

Ifølge han har dei ikkje eit nøyaktig tal på kor mange som var involverte, men han vektlegg at det var mange som deltok i slåstkampen.

– Kan det bli aktuelt å også sikte nokon av dei lokale?

– Ein del av etterforskinga vil vere å kartlegge om nokon av dei i den sivile befolkninga har gjort noko, enten mot andre sivile eller mot nokon av dei belgiske soldatane. Men per no er ingen av dei sikta, seier politiinspektøren.

Fire belgiske soldatar er sikta for kroppsskade etter hendinga.

– Godt samarbeid

Dei belgiske soldatane er ein bataljon av fallskjermjegerar som er på vintertrening hos Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11). Øvinga varer fram til 8. mars.

Forsvarer skriv i ein e-post til NRK at allierte som trener i Noreg blir gitt informasjon om ulike lover, reglar og forhold som gjeld, deriblant norsk lov, trafikklover og alkoholregler for å nemne nokre.

Skorpen Trøen seier at politiet har sett store ressursar på saka og at dei samarbeider godt med både det belgiske militæret og med HV-11 på Setnesmoen.

– I tillegg er det eit samarbeid på eit overordna nivå med belgisk politi og belgiske styresmakter om saka.

Måndag gjekk det belgiske forsvaret ut og beklaga etter masseslagsmålet. Dei fire belgiske soldatane, som er sikta for kroppsskade etter hendinga, blei slept fri etter å ha blitt avhøyrt. Dei blir heldt isolert i den belgiske avdelinga på Setnesmoen leir.

– Så vil den vidare etterforskinga avgjere om det blir aktuelt med ein reaksjon mot dei, seier Skorpen-Trøen.

Han fortel vidare at ingen av dei har bedd om å få ein forsvarar.

Les også Det belgiske forsvaret beklager etter slåsskampen: – Undergraver vårt internasjonale omdømme

Nabo'n pub i Åndalsnes.

Ber om tips

Politiet ber om at folk, som har informasjon eller videoar frå hendinga, tek kontakt med dei.

– Vi har allereie ein del materiale frå hendinga. Men om vi får nye bilde eller videoar kan vi sjå same hending frå fleire vinklar. Det gir betre bilde av dei personane som er involvert og gjer det lettare å identifisere desse, seier Skorpen-Trøen.

– Samtidig ber vi om at videoar og bilde ikkje blir spreidd rundt, legg han til.

Blod på bakken etter slåsskamp mellom lokale og belgiske soldatar utanfor utestad på Åndalsnes i Rauma.

Måndag var det blodflekkar på bakken utanfor Nabo'n pub på Åndalsnes.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK