Vil ikkje behandle anke
Frostating lagmannsrett vil ikkje behandle anken frå fem belgiske spesialsoldatar som blei dømde til fengsel etter masseslagsmål på Åndalsnes.
Åtte soldatar blei tiltalte etter at dei hamna i eit masseslagsmål mot lokale menn utanfor ein pub på Åndalsnes i februar i fjor.
I tingretten blei seks av dei dømde til fengsel i mellom 21 og 60 dagar. To blei frifunne.
Fem av soldatane anka dommen til Lagmannsretten, som no seier nei til å behandle saka på nytt. Dei dømde kan også anke til Høgsterett.