Hopp til innhold

Jovie varsla politiet: – Det var 20–30 personar som slost

Fire belgiske soldatar er pågripne etter eit masseslagsmål i Åndalsnes sentrum natt til søndag. Fire personar har status som fornærma.

Valdshendinga skal ha skjedd her på Naboen Pub i Åndalsnes.

Slagsmålet skal ha skjedd her utanfor på Nabo’n Pub på Åndalsnes.

Foto: Arnt M. Olsen

– Ein person busett i Åndalsnes er sendt til Molde sjukehus, seier operasjonsleiar Jens Dahl.

Han seier dei ikkje veit kva skadar personen har fått.

Søndag ettermiddag opplyser politiet at fire belgiske soldatar er pågripne og sikta for kroppsskade etter ei valdshending utanfor Nabo'n pub i Åndalsnes.

Dei opplyser også at fire personar har status som fornærma.

– 20–30 personar slost

Det var Jovie Nerland, barsjef på Nabo'n Pub som varsla politiet om slosskampen like etter klokka 02.00.

– Eg såg at det var mange som begynte å knuffe utanfor, og skjønte at dette ikkje kunne ende bra, så då kontakta eg like godt politiet med ein gong. Det var 20–30 personar som slost, seier ho til NRK.

Nabo'n Pub og Baren i bakgården. To pubar på Åndalsnes.
Foto: Arnt M. Olsen

Ho fortel at det var fleire som blødde, men ho veit ikkje kor hardt skada dei var.

– Det var ein god miks av folk som slost. Nokre hadde vore på nabopuben og nokre hadde vore her. Eg trur det var både soldatar og lokale, fortel ho.

Ho veit ikkje grunnen til at dei hamna i slåstkamp.

– Det var veldig god stemning her inne på puben i alle fall, slår ho fast.

Jovie Nerland, barsjef Nabo'n pub Åndalsnes.

Jovie Nerland, barsjef Nabo'n pub Åndalsnes.

Foto: Privat

Utelukkar ikkje fleire fornærma

Det er teke eit kort avhøyr av personen som måtte til sjukehus, opplyser politiet. Også fleire vitne er avhøyrd.

Så langt er det fire stykke som har status som fornærma, men vi kan ikkje utelukke at det ikkje er fleire, seier politijurist i Møre og Romsdal politidistrikt, Lena Romestrand.

Dei fire soldatane som er sikta har foreløpig ikkje fått forsvarare.

– Det er fordi påtalemakta ikkje har tatt stilling til om dei skal sitje utover 24 timar per no, fortel politijurist Lena Romestrand.

Hun fortel at dei foreløpig ikkje har noko informasjon om årsaka til slåstkampen.

Lena Romestrand

Politijurist Lena Romestrand har per no ikkje tatt stilling til om dei sikta skal sitje utover 24 timar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei ber om at folk som eventuelt har film av hendinga, ikkje publiserer dette på sosiale medium.

– Ta kontakt med politiet om du har filma hendinga, og den tidlegare ikkje er gitt til politiet.

Politiet skal i samarbeid med belgisk militærpoliti avhøyre dei fire personane som er arrestert i løpet av søndag ettermiddag.

Politijuristen opplys at det er Møre og Romsdal politidistrikt som skal etterforske saken vidare.

Setnesmoen, Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11)

Dei belgiske soldatane er på vintertrening her på Setnesmoen med Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11).

Foto: Arnt M Olsen

– Eg håpar det går bra

Ordføraren i Rauma kommune, Yvonne Wold, er orientert om hendinga.

– Eg håpar det går bra med dei involverte, seier ho.

Wold er kjent med vintertreninga i området. Ho påpeikar at det er viktig med slik alliert trening, men at det må bli tatt gode nok forholdsreglar for å unngå slike hendingar.

Vintertrening

Ein belgisk bataljon av fallskjermjegerar er på vintertrening hos Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11), ifølge Åndalsnes Avis.

Øvinga blir kalla BELSOF Arctic Training, og bokstavane står for Belgian Special Operations Forces. 180 belgiske soldatar har vore på vintertrening i Noreg siste dagane.

Forsvaret opplyser til NRK at ingen allierte soldater har immunitet i Norge.

Molde sjukehus

Ein person er sendt til Molde sjukehus etter valdshendinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Møre og Romsdal politidistrikt har hatt eit møte med det norske forsvaret og belgisk militærpoliti. Der blei det klart at valdshendinga foreløpig blir etterforska som ei ordinær straffesak.

Det er ikkje bestemt kven som skal etterforske saka vidare.