Hopp til innhold

Tømmerstokkar hindrar båttrafikken i Todalen

Tømmerstokkar frå raset gjer det vanskeleg for båttrafikken å kome seg inn og ut av Todalsfjorden. Kystverket prioriterer likevel å frakte straumaggregat før dei går i gong med oppryddinga.

Todalen

Steinraset førte store mengder tømmer frå fjellsidene og ut i Todalsfjorden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi har sendt beredskapsbåten inn i området. Den var tilfeldigvis i Molde då dette skjedde, så det var heldigvis rimeleg nært, seier regiondirektør i Kystverket Midt-regiondirektør i Kystverket Midt-Norge, Harald Tronstad.

Slepebåten til Kystverket skulle eigentleg inn til Todalen med for å hjelpe til med oppryddinga, men prioriterer no å frakte aggregat inn frå Kristiansund.

Fire mindre aggregat vart montert i den rasramma bygda i natt, men no er det langt større aggregat – som kvar veg fem tonn – som skal inn til bygda.

Får ikkje reparert linjene

På grunn av fare for fleire ras, har ikkje Svorka fått klarsignal til å starte arbeidet med å reparere dei øydelagde linjene. Det inneber at det kan ta tid før Todalen kan forsynast med straum gjennom det ordinære linjenettet, skriv Svorka energi i ei pressemelding.

– No gjer vi det som må prioriterast først, og det er å få på plass straum. Så vil vi kome i gong som mogleg, seier Tronstad i Kystverket.

Ryddar opp fjorden

Harald Tronstad

Harald Tronstad i Kystverket.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Medan slepebåten fraktar straumaggregata, vil Kystverket samstundes få oversikt over omfanget på oppryddingsarbeidet.

– Det ligg ein god del rusk i sjøen. Men om alt er greitt å plukke opp på ein grei måte, det er litt usikkert. Men det er greitt å få litt oversikt før det driv for langt av garde, for det er nok lettare å plukke på eit lite område enn i heile fjorden, seier Tronstad.

Etter raset i går er fjorden no tilgrisa med store tømmerstokkar og liknande som kan vere til fare for båttrafikken, som bygda no er heilt avhengig av.

– Vil vi prøve å ta vekk det som ligg og flyt i fjorden – det meste av det iallfall, seier Tronstad.

Men, det er ikkje sikkert Kystverket vil kunne hjelpe til fram til alt er rydda unna:

– No er båten ein del av slepebåtberedskapen på kysten, med vêr og vind og trafikk, så då kan det hende at vi må trekkje denne båten ut av området også, minner regiondirektøren på.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL