Hopp til innhold

– Det viktigaste no er å sikre liv og helse

Det vert jobba på spreng for å få på plass tiltaka som vil kunne gjere situasjonen for innbyggjarane i Todalen litt enklare.

Todalsraset

350 innbyggjarar i bygda Todalen på Nordmøre må no bruke fjorden etter at bilvegen deira vart stengt etter etter et stort steinras.

Foto: NRK

Situasjonen for folket i Todalen kan bli vanskeleg i lang tid framover etter at eitt 800 meter langt og 50 meter breitt ras tok vegen inn til bygda i går.

I dag vert det halde krisebereidskapsmøte klokka 10. Då vi både vegvesen, politi, brannvesen og helseetaten i kommunen på plass.

– Det aller viktigaste vi gjer no er å sikre liv og helse, seier varaordførar Lilly Gunn Nyheim i Surnadal kommune til NRK torsdag morgon.

Liv og helse

Eit krisemøte var halde i går der dette vart drøfta. Her vart det avklart at ambulansetenesta har kontakt med AMK og vil få støtte med luftambulanse og eventuelt Sea King-helikopter om noko skulle skje.

For dei mindre akutte tilfella kan ein også gjere utrykkingar med båt og sidan ambulanse, opplyser Nyheim. Todalen har eige brannvesen, men har også gjort avtalar om assistanse om noko skulle oppstå.

– Når det gjeld heimetenesta, så har det vore kontakt med alle brukarar og pårørande, og dei vil få hjelp frakta inn med båtskyss. Så dei pleietrengande får det dei skal ha, seier ho.

Aggregat til bygda

Møte i Todalen

I dag klokka 10 vert det nytt møte om kriseberedskapen i Todalen. Her frå møtet med kriseteam og innbyggjarar i går.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Svorka kraftverk har i natt frakta fire aggregat til Todalen for å skaffe straum til den rasramma bygda.

– Det vart jobba i heile natt med å få dette på plass på ulike trafostasjonar i bygda, fortel Nyheim.

Ho oppfordrar folk til å vere forsiktig med bruken fordi kapasiteten er avgrensa.

– Det er ikkje nok straum på dei fire aggregata til å forsyne heile Todalen, så vi må rå folk til å spare litt på straumen og ikkje bruke meir straum enn nødvendig.

Båtskyss

Dei 350 innbyggjarane i bygda er avhengige av bilvegen for å kome seg til jobb og skule. Når denne no er stengt, er det den gamle gode fjordvegen som vert løysinga.

–Vi håper å få på plass ein skyssbåt for persontransport i løpet av dagen, seier Nyheim. – Ikkje berre håper, det skal vi få på plass, legg ho til.

Det har enno ikkje blitt fastsett ruter for dei som treng båttransport, men også dette trur varaordføraren vil bli avklart snarast.

Fare for nye ras

Det kan ta mange veker før innbyggjarane i Todalen får tilbake den normale kvardagen sin. Oppryddinga ta lang tid fordi det er framleis er fare for nye ras.

– Det er lause steinblokker oppe i lia, svære lause steinblokker. Det er ei kraftig helling på rundt 32 prosent helling, så dei steinblokkene kan rase ut, fortel Nyheim.

– Dersom dei skal til med sikringsarbeid, så må dei også tenkje på sikkerheita til dei som deltek i arbeidet. Dei må jobbe ovanifrå og ned mot stranda, så det vil ta tid, legg ho til.

Så det betyr at situasjonen for Todalen kan vere vanskeleg i lang tid framover?

– Ja, dessverre. Iallfall når det gjeld transport langs bilvegen.

Sjå TV-reportasjen:

– Strømmen er borte, telenor er borte, og veien er borte, alt er borte. Vi er helt isolerte, sier Ragnar Halle i Todalen.

500 isolerte i Todalen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL