Hopp til innhold

Tok til tårene på Trollstigen

Lars Erik Sira er i gang med å sykle Noreg rundt. Då han sykla over Trollstigen tok kjenslene overhand.

Lars Erik Sira

Her er Lars Erik Sira på veg opp Trollstigen. Det verka som ein kjempeide då eg planla ruta over eit todimensjonalt kart heime i stua. Meir usikker no, skreiv Sira under bildet han delte på Facebook.

Foto: Privat

Lars Erik Sira frå Melhus kallar seg opplevingssyklist og er no i gang med draumeprosjektet. I løpet av dei neste tre månadene skal han etter planen sykle 5.500 kilometer på tvers av landet. Reisa dokumenterer han på Facebook og bloggen sin.

Lars Erik Sira

Lars Erik Sira på veg opp Trollstigen.

Foto: Privar

Då han i helga sykla Trollstigen, fekk han ein emosjonell start på reisa gjennom Møre og Romsdal, noko han også omtaler på bloggen.

– Då kom tårene. Eg trur det var mange ting som spelte inn. For det første syntest eg det var veldig fint der, og så er eg ein lettrørt fyr. I tillegg var eg litt spent på korleis det ville bli ettersom eg er tungt lasta, seier Sira.

– Det er mange som er sjenerøse med meg, både arbeidsgivar og spesielt dei på heimebane som let meg dra av garde og følgje draumane mine. Augneblinken blei kanskje litt stort, så eg måtte ta ei lita pause i vegkanten og tørke litt tårer, held han fram.

Frå Melhus til Kirkenes

Dei siste dagane har Sira sykla rundt i Møre og Romsdal. Tysdag kryssa han fylkesgrensa til Sogn og Fjordane og onsdag morgon starta han dagen i Hoddevik i Selje.

Lars Erik Sira

Lars Erik Sira skal sykle land og strand dei komande månadene.

Foto: Privat

– Eg har no sykla i ni dagar. Eg starta heime på Melhus og sykla ut mot kysten. Planen er å følgje Vestlandet sørover til Lindenes før eg syklar nordover gjennom innlandet, seier han.

Etter ei lita pause heime i Melhus i juli, skal han sykle vidare mot Kirkenes.

– Eg har to gutar i 2. og 5. klasse, så eg tenkte det kunne vere praktisk å ikkje vere så lenge vekke frå familien. Men så fortset eg turen nordover, seier Sira.

Lett å bli kjend med folk

Han bruker mykje tid på sykkelen, men fortel at det er ikkje er vanskeleg å bli kjend med folk på turen.

Lars Erik Sira

Tysdag kryssa han grensa til Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Eg trur eg vekker ei viss nysgjerrigheit i folk når eg kjem syklande slik som eg gjer. Eg ser nok litt spesiell ut med ein sykkel som har så mykje bagasje på, seier Sira.

Onsdag syklar han vidare mot Måløy.

– Eg skal prøve å komme meg dit i løpet av dagen, og kanskje ta turen innom Kannesteinen. Det er rundt 8 mil så det trur eg skal gå bra, seier Sira.

Trass i at han har hatt mange fine opplevingar så langt på turen, innrømmer han at det er ei ulempe med turen.

– Ja, eg blir litt øm i baken på slutten av dei lengste dagane, seier han lattermild.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL