Hopp til innhold

Tøffe tider for Farstad Shipping

Farstad Shipping må ta harde grep for å redusere kostnadene. Det kan bety at fleire skip vert lagt i opplag og at sjøfolk må gå på land.

MS "FAR SIRIUS" - Yard no: 810 by: VARD Langsten MS "FAR SIRIUS" - Yard no: 810 by: VARD Langsten

Det er for mange skip i Nordsjøen og dårlege rater. Dermed er innteninga dårleg for Farstad shipping.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug, NO-6050 V

Farstad Shipping

I dag ligg to Farstadskip i opplag. At skip ligg i opplag, kjem til å vere eit vanlig syn framover, meiner direktøren.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Farstad Shipping la i dag fram halvårsrapporten. Den er ikkje lystig lesnad. Resultatet etter skatt viste 423,8 millionar kroner i underskot. Direktør Karl Johan Bakken seier at situasjonen er krevjande for reiarlaget, som må redusere pengebruken.

– Vi må vere fokuserte på kostnadsreduksjonar i denne perioden for å halde oppe ein økonomi som er å leve med. Vi må ta tøffe grep, seier Bakken.

LES OGSÅ:

Selskapet har i dag ei flåte på 62 skip. Til saman er det ca. 2200 tilsette på land og sjø. Tidlegare i år har dei sagt opp mannskap og lagt fleire båtar i opplag. I dag er det to båtar som ligg i opplag utanfor Ålesund og to i Asia.

Karl Johan Bakken

Direktør i Farstad Shipping, Karl Johan Bakken, seier det er ein utfordrande situasjon.

Foto: Rune Hustad / NRK

– Å legge fartøy i oppdrag er det siste løysing, men må ein, så må ein. Då vil det kunne gå utover sysselsetjinga, seier Bakken. Han seier at dei er budde på å sjå skip i opplag også i tida framover.

– Om det blir fleire eller færre veit eg ikkje, seier Bakken.

Blir det aktuelt å flagge ut til utlandet?

– Det å flagge ut fartøy er eit av tiltaka ein kan bruke, men i dag er ikkje det eit tema vi diskuterer, seier Bakken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL