– Det er dramatisk at så mange blir permitterte

Om lag 100 tilsette i Farstad Shipping har fått varsel om permittering. Nyttårshelga har vore tung, seier hovudtillitsvald Kim Lekva Velve.

Offshorefarty bestilt av Farstad Shipping

Farstad Shipping har varsla permitteringar.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine

Kim L. Velve

Kim Lekva Velve seier det dramatisk at så mange blir permitterte.

Foto: privat

Tysdag 30.desembert fekk nærare 100 personar i Farstad Shipping permitteringsvarsel. Tre skip vert tatt ut av drift.

– Det er dramatisk at så mange blir permitterte og ikkje ein god situasjon å vere i. Vi veit korleis marknaden er i dag med halvert oljepris og oljeriggane vert nedbemanna. Dette går utover skipsnæringa også, seier Kim Lekva Velve.

Folk er fortvila

Han er hovudtillitsvald for dei som er organiserte i Sjømannsforbundet og oppgåva hans er å passe på at spelereglane vert følgt i permitteringsprosessen. Han har vore i kontakt med fleire av dei tilsette etter at dei fekk permitteringsvarselet.

– Det er mange som er fortvila og det har eg full forståing for, seier Velve.

Trur meir er i vente

Han er ikkje overraska over dei fekk permitteringsvarsel med tanke på at det same har skjedd i andre reiarlag i det siste. Velve trur det vil kome fleire permitteringar i skipsnæringa i tida framover.

Ifylgje Velve er det beste som kan skje no er om oljeprisane snur og at Statoil får oljeriggane i arbeid att.

– Eg meiner også at regjeringa må kome på banen med tiltak for å styrke den maritime næringa, seier Velve.

Han meiner blant anna at taket på nettolønordninga bør fjernast og at det bør bli betre kontroll med farty som seglar ulovleg langs kysten.