Hopp til innhold

Tøff motstand i vente for Noreg

– Alt kan skje om ein først kjem til eit sluttspel. Då kan alle slå alle, seier den tidlegare fotballproffen Ann Kristin Aarønes før kveldens VM-kamp mot Tyskland

Norge

Det norske kvinnelandslaget i fotball vann 4-0 over Thailand i opningskampen. Torsdag kveld møter dei storfavorittane Tyskland.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Noreg slo Thailand 4-0 i sin opningskamp i fotball-VM i Canada. I kveld er det venta langt sterkare motstand når dei møter ein av storfavorittane Tyskland i den andre kampen i gruppespelet.

Tidlegare fotballproff Ann Kristin Aarønes trur det kan verte ein tøff kamp for dei norske jentene.

– Vi får kanskje ein liten indikasjon i kveld på kor Noreg står.

– Stort å vinne VM-gull

Kvinnefotball

Ann Kristin Aarønes var spiss på det norske kvinnelandslaget i fotball då dei vann gull i VM for 20 år sidan.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix

20 år har gått sidan Ann Kristin Aarønes vann VM-gull saman med det norske kvinnelandslaget i fotball. Kvar gong det er eit nytt fotball-VM kjem minna tilbake.

– Det var veldig stort å vere med på å vinne eit VM-gull. Det er kjekt å verte mint på den opplevinga.

Denne gong er ikkje Noreg storfavorittar, men dei kan likevel overraske, påpeikar den tidlegare landslagsspissen.

Medan Noreg vann over Thailand, slo Tyskland Elfenbenskysten 10-0 i sin opningskamp. Aarønes trur både Noreg og Tyskland kjem til å gå vidare til sluttspelet, uansett utfall i kveldens kamp.

– Når ein først er komne til eit sluttspel, då kan alt skje. Då kan alle slå alle.

– Mykje høgare nivå

Sidan Ann Kristin Aarønes vann VM-gull har nivået på landslaget betra seg mange hakk, men det har det i andre land også.

– Det er klart nivået har auka. Og det er mange fleire land som satsar på damefotball enn den gong.

Laget som Aarønes var ein del av for 20 år sidan hadde ikkje hengt med i dagens VM, seier ho.

– Ja, det er nok berre å innrømme. Eg hadde sikkert kome til kort dersom eg hadde vore med i dag, ler fotballentusiasten, som framleis følgjer nøye med på damelandslaget.

Ada Hegerberg

Ada Stolsmo Hegerberg scora eitt mål i opningskampen mot Thailand. Vil ho sette inn fleire mot Tyskland?

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Spissen Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndal er ein av dei mest spanande spelarane, meiner Aarønes. Ho kjenner henne godt frå Jente 19-landslaget, der ho er lagleiar.

– Ada har hatt ei veldig bra karriere så langt. Det blir veldig spanande å sjå kva ho kan gjer på det norske landslaget i mange år framover.

Kampen mot Tyskland i kveld trur Ann Kristin Aarønes kjem til å ende 1-1.

Sjå Tyskland-Noreg frå klokka 22.00

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL