Hopp til innhold

– Kampen for å halde på stortingsmandatet blir tøff

I helga som gjekk var det landsmøte i Senterpartiet – eit parti som har vore prega av strid og konfliktar. No har partiet samla seg, og Jenny Klinge er klar til å forsvare plassen sin på Mørebenken.

Jenny Klinge

Senterpartiet har gravlagt strid og konflikter, men Jenny Klinge vedgår at kampen for å halde på stortingsmandatet i fylket blir tøff.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Det blir viktig å få fram kva vi står for, og kva vår misjon i norsk politikk er, seier Klinge til NRK.

Dei tre siste stortingsvala har Senterpartiet måtta kjempa for å halde mandatet i Møre og Romsdal. Derfor har Jenny Klinge kniven på strupen.

Senterpartiet har vore prega av konfliktar og strid mellom leiar og nestleiar. Det toler ikkje partiet å ta med seg inn i valkampen, men Klinge meiner partiet har samla seg.

– Ja, eg synest det har roa seg mykje. Før jul var det langt verre, men det har blitt betre og betre sidan då. No er vi eit samla parti som er gira på valkamp.

Må appellere til borgarlege veljarar

For no byrjar kampen om veljarane, og den kampen er beinhard.

Senterpartiet sit i regjering med Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, men sjølve er dei eit borgarleg parti.

Når Jenny Klinge skal opp til eksamen 9. september i år må ho appellere til borgarlege og verdikonservative Senterparti-veljarar i Møre og Romsdal.

Dersom Høgre framleis står sterkt, og Kristeleg Folkeparti veks, blir det ei stor utfordring.

Saka held fram under bildet.

Jenny Klinge

Jenny Klinge, her i Oslo framfor Stortinget, håper på fire nye år som stortingsrepresentant for Møre og Romsdal.

Foto: Bernt Sønvisen

– Ikkje endring for endring si skuld

– Det kan bli hardt nok det, altså. For om Høgre ligg an til å få tre mandat, og KrF mot formodning skulle vekse, så kan det bli tøft, vedgår Klinge.

– Eg håper folk ser at ein må stemme Senterpartiet for å sikre god Senterparti-politikk framover.

Ho meiner regjeringssamarbeidet dei siste åtte åra har vore vellukka.

– Ein må ikkje ønskje seg endring for endring si skuld.

– Ein må hugse, at slikt som landbrukspolitikken som er så viktig for fylket vår ... Samferdslepolitikken, kommuneøkonomien og så vidare: Det er synd om framgangen som har vore skal raserast på bakgrunn av at folk «vil ha ei endring», seier Klinge.

Viktig landbruksoppgjer

Før stortingsvalet 2013 kjem landbruksoppgjeret, der utfallet får mykje å seie for Senterpartiet, trur Klinge.

– Det er kjempeviktig. Eg meiner det er avgjerande at vi får eit godt landbruksoppgjer.

– Éin ting for valet og bøndene, men det er himla viktig for alle andre som bur i landet at vi har matproduksjon for framtida. Den saka håper eg verkeleg at vi klarer å kjempe godt for, avsluttar Klinge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL