Hopp til innhold

Tiltalt: – Umogleg å ta vekk så mykje fisk uoppdaga

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Mannen som er tiltalt for å ha stole eller for å legge til rette for tjuveri frå Scanprod AS, er sjokkert over skuldingane mot han.

Sunnmøre tingrett

Mannen som er tiltalt for å ha stole eller for å legge til rette for tjuveri frå Scanprod AS, meiner det er umogleg å fjerne så mykje fisk uoppdaga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mannen som er tiltalt for å ha stole eller medverka til tjuveri av store mengder fisk frå Scanprod AS fortsette si forklarte seg i retten i dag. Der hevda mannen at det ville vere umogleg å ta unna dei nesten 386 tonna med fisk som skal ha forsvunne frå bedrifta, utan at det ville ha blitt oppdaga.

– Eg synest det høyrest heilt utruleg ut. Det ville vere umogleg å ta vekk så mykje fisk i løpet av denne perioden utan at det hadde blitt oppdaga. Til og med små avvik blei registrert, sa mannen.

Strenge rutinar

Den tiltalte forklarte vidare at bedrifta hadde klare rutinar og at det var stort fokus på avvik. I dei tilfella der det var avvik skal desse også ha blitt følgt nøye opp.

Axel Villads Lange

Axel Lange er forsvararen til mannen som er tiltalt for å ha stole fisken frå bedrifta der han jobba.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg jobba der i ei årrekke og aldri høyrd om noko fisk som har forsvunne, forklarte mannen.

Han meinte at det heller ikkje ville vere mogleg å ta vekk svarte pallar frå bedrifta utan at det blei oppdaga.

– Har du nokre tankar om kvar fisken som har blitt selt til Aalesund Seafood kan kome frå? spurte forsvarar Axel Lange.

– Eg har i alle fall vanskeleg for å tru at all fisken kunne ha kome frå ein plass, sa mannen.

Tøff tid

Mannen byrja å jobbe for Scanprod i 2007, men blei sagt opp i 2015 etter å ha tatt fisk frå bedrifta. Mannen meinte derimot at dette ikkje var tjuveri, men derimot vanleg praksis.

– Det var vanleg at vi tilsette kunne ta med oss mindre mengder skadd matfisk heim. I ettertid meinte dei at dei ikkje hadde gitt løyve til dette, forklarte mannen.

Manne forklarte vidare at produksjonen av fisk hadde auka i løpet av dei åra han hadde jobba der, og meinte at jobben han hadde gjort var ei av årsakene til dette. Han forklarte vidare at han har hatt det svært tøft etter at han mista jobben, og at han er sjokkert over det han no er skulda for.

– Eg har gått med bøygd hovud sidan dette skjedde og har mista både hus, jobb og familie, forklarte mannen.

Pengeoverføringar

Den tiltalte blei også spurt ut om dei store pengeoverføringane som hadde skjedd mellom han og den hovudtiltalte. Aktor la blant anna vekt på data- og telefontrafikk som viste at det hadde vore kontakt mellom dei to på dei dagane fisk hadde blitt levert til Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg, og at den tiltalte hadde mottatt store pengeoverføringar frå den hovudtiltalte i etterkant av nokre av desse leveransane.

Også denne mannen hevda at pengane frå den hovudtiltalte var pengar til tipping og gjeld. I nokre tilfelle skal den hovudtiltalte også ha overført pengar som han bad den tiltalte ta ut og gi til han.