Hopp til innhold

Tre personar sikta for omfattande momssvindel

Fisk for fleire millionar kroner kan ha forsvunne frå ei fiskeforedlingsbedrift på Valderøya i Giske. Ein av dei tilsette er melde til politiet.

Først i sendinga kan vi fortelje at tre personar er sikta for avgiftsunndraging i samband med fiskesal på Sunnmøre.
Ein av dei er i tillegg meldt til politiet for å ha stole fisk for fleire millionar kroner...

Etter det NRK kjenner til, var det Skatteetaten som starta det som kan vere ei omfattande momssvindelsak. Men både skatteetaten og politiet er usikre på kvar fisken kjem frå.

– Ein av våre tilsette blir no etterforska for å ha stole fisk for mange millionar kroner frå fleire ulike bedrifter og selt fisken vidare til ei anna bedrift på Ellingsøya. Den tilsette er no suspendert frå stillinga si. Eg har ingen andre kommentarar, seier styremedlem Arild Giske i Scanprod.

Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen seier saka er alvorleg, men har få opplysningar å kome med no.

Foto: Remi Sagen
Usikre på kvar fisken kjem frå

Men politiet er ikkje sikre på kvar fisken kjem frå, og har difor også kopla Mattilsynet inn i saka. Førebels er tre personar sikta for brot på avgifts- og likningslova.

- Det er alvorleg, og vi er i ei etterforsking, og ein del av denne etterforskinga vil jo knyte seg opp mot omfang, mellom anna, seier politiadvokat Hilde Haugen ved Sunnmøre politidistrikt.

Politiet vil førebels ikkje seie meir om saka.

Fisken skal ha hamna på naboøya

Scanprod hevdar at det er bedrifta Ålesund seafood, på naboøya Ellingsøya, som skal ha mottatt den ulovlege fisken. Dagleg leiar Bjørn Eikrem har seier han ikkje er kjend med at bedrifta har mottatt fisk som er ulovleg omsett.

– Det er ein påstand som kjem frå Scanprod. Vi arbeider no vidare med å undersøkje kva som har skjedd i saka. Førebels har eg ingen fleire kommentarar, seier han.

Politiet etterforskar denne saka samtidig som dei undersøkjer påstandar om skatteunndragelse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL