Hopp til innhold

10 millionar til skredovervaking

Regjeringa har løyvt 10 millionar kroner til overvaking av skredfarlege område i Storfjorden neste år. Stranda-ordførar Frank Sve er svært fornøgd.

Åkernesremna

Åkernesremna

Foto: NRK

- Regjeringa meiner det er nødvendig med statlege tilskot for å kunne drive ei døgnkontinuerleg overvaking slik at folk kan vere sikre på å bli varsla raskt dersom det skulle vere sannsynleg at skred og flodbølgjer kan komme. Det seier landbruksminister Terje Riis-Johansen.

Frank Sve

Frank Sve

Foto: NRK

Gladmelding

- Dette er ei gladmelding til folk i Storfjordområdet. Vi hadde nok håpa på meir, men dette er ein god start, og eg er glad for at det arbeidet mange har vore med på overfor regjeringa har nådd fram, seier Frank Sve.

- Vi treng mellom 17 og 20 millionar kroner for å få til eit operativt senter, og restan av pengane må kommunar og fylke skyte til. Eg forstår det slik at denne løyvinga blir årviss og at beløpet blir justert etter som vi haustar erfaringar. Dette er jo noko nytt for både regjeringa og oss, seier Sve. - No kan vi konsentrere oss om at beredskapen blir så god som mogleg så folk langs fjordane kan føle seg trygge.

Tilsot i fire år

Landbruksminister Terje Riis-Johansen

Landbruksminister Terje Riis-Johansen

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Regjeringa har over ein fireårsperiode gitt tilsegn om eit tilskot på 64,5 millionar kroner til Åknes/Tafjord-prosjektet. Pengane går til geologiske undersøkingar, innkjøp og installering av overvakings- og varslingsutstyr.

- Dette er utan samanlikning det sikringsprosjektet i Noreg som har fått størst statleg bistand. Overvakingssenteret som staten no er med på å få etablert, er noko heilt nytt i Noreg. No følgjer regjeringa opp med driftstilskot til overvakingssenteret, seier landbruksministeren.