Hopp til innhold

- Prioriter Åkerneset

Regjeringa må prioritere arbeidet med å få til ei forskriftsendring som gjer det mogleg å oppheve byggjeforbodet i Storfjorden. Det meiner Senterpariet i Møre og Romsdal.

Åkernesremna

Møre og Romsdal Senterparti vil at regjeringa gir Åknes/Tafjord-prosjektet topp prioritet.

Foto: NRK

Årsmøtet i helga krev no at regjeringa gir Åknes/Tafjord-prosjektet topp prioritet, og også at regjeringa sikrar ei langsiktig finansiering av drifta av beredskapssenteret på Stranda.

Vil ha satsing på landbruket

Møre og Romsdal SP meiner også at husdyrhaldet i distrikta må prioriterast. Eit av verkemidla som årsmøtet ser som viktig er eit kraftig inntektsløft for bøndene i år. Dette skal også føre til at fleire unge vel å gå inn i bondeyrket.

"Me krev ein langsiktig landbruktspolitikk som sikrar framtidig norsk matproduksjon, miljøkvalitetar og levande lokalsamfunn" skriv partiet i ein av resolusjonane.

Meir til Europavegane

Også i trafikken krev partiet meir satsing frå regjeringa. Dei kallar vegetatane sitt framlegg til nasjonal transportplan (NTP) med reduksjon i veginvesteringane ei rein "krigserklæring".

Dei vil ha meir pengar til investering i NTP, auka vedlikehald i tillegg, og ei forbetring i bruk av ferjesubsidiar.

Pengar til ein "tilnærma ferjefri" E-39 og ein "ferdigbygd" E-136 frå Ålesund til Oppland grense innan 2015 stor også på lista over krav som SP set fram.