Hopp til innhold

Åknes/Tafjord testar sirener

Onsdag og torsdag blir skredvarslingsanlegga testa i bygdene omkring Storfjorden.

Åkernesremna

Åkernesremna

Foto: NRK

Åknes/Tafjord Beredskap har montert 26 sireneanlegg for flodbølgjevarsling i Storfjordområdet. Sirenene er elektroniske og kan sende ut både uling og talemeldingar.

Folk skal berre bli kjende med varslinga, og skal elles ikkje reagere på meldingane.

Testane skal utførast etter denne planen:

Onsdag 22/10:

kl. 0800 - 1200: Hellesylt, Stranda og Liabygda (Gravaneset)
kl. 1200 - 1500: Stordal, Dyrkorn og Sjøholt
kl. 1400 - 1800: Linge, Linge ferjekai, Valldal (Sylte/Muri)

Torsdag 23/10:

kl. 0800 - 1200: Vika, Fjørå og Tafjord
kl. 1100 - 1800: Geiranger, Norddal og Eidsdal

Meir om beredskapstesten

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL