Hopp til innhold

Overlegen Yngve miste nattesøvnen då granskarane slo til

Hundrevis av sjukepleiarar og legar blir skulda for lovbrot kvart einaste år, utan at dei kan klage på konklusjonen. Legeforeininga meiner dei er rettslause.

Yngve Müller Seljeseth

Yngve Müller Seljeseth er overlege på sjukehuset i Ålesund. Konklusjonen etter ei tilsynssak i 2019 har gått hardt inn på han.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den erfarne overlegen Yngve Müller Seljeseth kjem aldri til å gløyme pasienten som kom med ambulanse til sjukehuset i Ålesund i 2019. Mannen var blitt alvorleg sjuk og måtte ha hjelp umiddelbart.

Legane klarer å berge han, men han får etter kvart påvist slag med alvorlege følgjer.

I ettertid konkluderer Statsforvaltaren med at dei tilsette på sjukehuset har gjort fleire grove feil og at mannen fekk uforsvarleg hjelp.

Kritikken går hardt inn på Seljeseth. Han er ikkje einig i konklusjonen og meiner den er feil og urettferdig.

– Dei første nettene sov eg relativt lite.

Sjølv nesten eitt år etter at konklusjonen var klar, vaknar overlegen stadig i 5-tida om morgonen. Rett frå draumen der han forsvarar seg på nytt og nytt.

– Eg blir vekt opp med full stressaktivering. Pulsen slår kjapt, og eg klarer ikkje å roe igjen. Eg kjem stadig tilbake til den forsvarskampen, seier han.

Det er helseføretaket som formelt blir felt, men som ansvarleg overlege kjenner Seljeseth det som ein personleg kritikk.

Yngve Müller Seljeseth

Yngve Müller Seljeseth slit med nattesøvnen etter granskingssaka på Ålesund sjukehus. Han meiner konklusjonen er feil og urettferdig.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kritisk til granskarane

Statsforvaltaren meiner det gjekk for lang tid før legane stilte rett diagnose og gav mannen nødvendig behandling og medisin. Dei meiner han burde fått betre overvaking, og at mangelfulle journalnotat og dårleg kommunikasjon mellom avdelingane gjekk ut over pasienten.

– Dei har framstilt ei sjukehistorie som ikkje stemmer med det som vi opplevde og så har dei tolka retningslinjene feil og brukt retningslinjer som ikkje fanst då vi behandla pasienten, hevdar Yngve Müller Seljeseth.

Han hevdar granskarane hos Statsforvaltaren er prega av etterpåklokskap og tolkar journalnotata i verste meining.

Yngve Müller Seljeseth

Overlege Yngve Müller Seljeseth har jobba på sjukehuset i Ålesund i over 20 år. Han seier han brukar stadig mindre tid hos pasientane, og stadig meir på papirarbeid.

Foto: Remi Sagen / NRK

Får støtte frå eksperthald

Müller Seljeseth er sjølv ein av dei som har vore med å utarbeide dei nasjonale retningslinjene for behandling av slag. Han får støtte frå professor i hjerneslagsjukdommar, Bent Indredavik. Også han meiner konklusjonen om uforsvarleg helsehjelp er feil på fleire punkt.

– Eg meiner det faglege grunnlaget som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal byggjer på, kviler på eit svakt fagleg grunnlag og til dels feiltolkingar, skriv han.

Han meiner at avvika ikkje har fått vesentleg behandlingsmessige konsekvensar for pasienten.

Bent Indredavik

Professor i hjerneslagsjukdommar, Bent Indredavik, er kritisk til konklusjonen frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Legeforeininga etterlyser fleire ekspertar

Den maktesløysa som overlegen i Ålesund kjenner på etter ei tilsynssak er ikkje unik.

Legeforeininga er kritisk til dagens tilsynsordning. I ein høyringsuttale skriv dei at fleire medlemmer meiner dei er rettslause og at granskarane ikkje har nok kunnskap:

De fremhever til dels stor fylkesvis variasjon i kompetanse og kvalitet, og at avgjørelsene i mange saker fremstår tilfeldige og dårlig faglig forankret og begrunnet

Den norske legeforening

– Vår erfaring er at eksterne sakkunnige blir brukte alt for sjeldan. Terskelen burde senkast vesentleg. Dette ville kunne styrke tilliten til vurderingane og legitimiteten til tilsynet, seier president Anne-Karin Rime i Den norske legeforening.

– Men er legane flinke nok til å ta imot den kritikken dei får?

Legar, som andre, synest naturlegvis det er ei belastning å bli granska og få kritikk for faglege feil. Når kritikken er rett, er vår erfaring at dei tek sjølvkritikk og fokuserer på å lære av saka. Men når kritikken byggjer på svakt eller feil fagleg grunnlag, vil kritikken forståeleg nok bli opplevd urettmessig, seier Rime.

Nestleder i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.

Presidenten i Legeforeininga, Anne-Karin Rime seier fleire av medlemmane kjenner seg rettslause når dei blir granska.

Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legefo

Svært få klager

Det er som regel liten vits i å protestere når granskarane hos Statsforvaltaren eller Statens helsetilsyn har trekt sin konklusjon. Vedtaket er endeleg og berre dei alvorlegaste sakene er det høve til å klage formelt på.

NRK har spurt dei ti statsforvaltarane kor mange legar og sjukepleiarar som likevel prøvar å klage på vedtaket. Dei har ingen eksakte tal, men etter alt å dømme er det svært få.

Utdrag av avslutningsbrev frå fylkeslegen og statsforvaltaren

Denne formuleringa blir brukt i breva som går ut til helsevesenet etter at ei sak er granska.

Foto: Skjermdump

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen har det overordna medisinfaglege ansvaret i tilsynssaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ho avviser at dei ikkje har god nok kompetanse, og står fast på konklusjonen i saka.

I slike saker er det både helsepersonell, som regel lege, og jurist som ser på sakene. Alle saksbehandlarar gjennomgår opplæring i tilsynsarbeid i regi av Statens helsetilsyn. Vi vurderer i kvar enkelt sak om det er behov for ekstern sakkunnig, seier ho.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier alle saker blir vurdert både av fagfolk med helsefagleg og juridisk bakgrunn.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har det siste året hatt tre klagesaker frå helsepersonell som meiner at granskarane ikkje har nok kompetanse:

NRK forklarer

Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kven kan klage?

  • Pasientar som meiner dei ikkje har fått den behandlinga dei skulle hatt eller har fått ein skade som følgje av helsehjelpa, kan klage til Statsforvaltaren.
  • Statsforvaltaren er sett til å granske saker der det er rimeleg grunn til å tru at noko har blitt gjort feil.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kva inneber granskinga?

  • Ei slik gransking inneber mellom anna at Statsforvaltaren hentar inn pasientjournal og får informasjon frå den som klagar.
  • Helsepersonellet og leiinga blir også bedne om å gje sin versjon av kva som har skjedd.
  • Saka blir vurdert både av helsepersonell og juristar hos Statsforvaltaren.
  • Dei mest alvorlege sakene blir sende vidare til Statens helsetilsyn som til dømes kan ta frå legar retten til å praktisere eller konkludere med at helsepersonell eller verksemda har brote lova.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kor mange slike saker er der?

  • Berre i 2021 behandla statsforvaltarane 2241 klagesaker frå heile landet.
  • I 1 av 3 saker blei det konkludert med eitt eller fleire lovbrot. Slike lovbrot kan på sikt få yrkesmessige konsekvensar.
  • 225 saker var så alvorlege at dei blei sende til Statens helsetilsyn.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kan ikkje klage på konklusjonen

  • På dei fleste saker har ikkje legar og anna helsepersonell klagerett.
  • NRK har spurt dei åtte statsforvaltarane kor mange som likevel prøvar å klage på vedtaket. Dei har ingen eksakte tal, men etter alt å dømme er det svært få.
  • Slike saker er ei stor belastning for pasientane og pårørande som har blitt skadelidande, men det er ofte tungt også for dei tilsette i helsevesenet.

Håper på ei endring

Morgonrutinane har endra seg hos familien til Yngve Müller Seljeseth det siste året. Far i huset står opp, kokar kaffi og les aviser når han ikkje lenger får sove og kjempar med tankane om maktesløyse.

Overlegen vil på ingen måte kritisere pasienten eller retten til å klage, men er kritisk til systemet. Han meiner redselen for å gjere feil kan føre til at dei som jobbar i helsevesenet brukar for mykje tid på dokumentasjon og unødvendige og ressurskrevjande undersøkingar.

– Eg håper vi kan sleppe å gjere ting for sikkerheits skuld og konsentrere oss om pasientane og ikkje frykta for tilsyn, seier han.

Hei!

Har du tips eller innspel om saka? Send meg gjerne ein epost!