Hopp til innhold

Ny supermåling – Listhaug festar grepet på heimebane

I landssamanheng stuper Framstegspartiet på NRK si ferske meiningsmåling. Men i Møre og Romsdal verkar det som om Sylvi Listhaug og Frank Sve kling godt i øyrene til veljarane.

Landsmøtet til Fremskrittspartiet

FESTAR GREPET: Sylvi Listhaug held eit fast grep om veljarane i Møre og Romsdal

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I NRK si supermåling for juni, får Frp 18 prosent av stemmene frå Møre og Romsdal. Målinga som Norstat har gjort for NRK viser at Frp får to plassar frå dette fylket på Stortinget.

Nasjonalt mistar Frp veljarar, men i Møre og Romsdal har partiet ei stabil veljarmasse. Sidan førre måling i arpil har Sylvi Listhaug frå Ørskog blitt partileiar. Utan at det spelar så stor rolle, skal vi tru Listhaug sjølv.

– Nei, eg seier at Frp alltid har stått sterkt i Møre og Romsdal, og det vil vi fortsette med, seier ho.

Listhaug er opptatt av at fleire bompengespørsmål gir partiet eit løft.

– Vi har fjerna bompengar for 1.4 milliardar kroner, som innbyggarane våre har spart. No ser vi at dei andre partia kappast for å få tilbake bompengar. På Sunnmøre blir dei teppebomba med bompengar både gjennom bomringar rundt byen, men også gjennom at dei må betale store delar av Møreaksen, seier Listhaug.

– Frittalande friskusar

I denne målinga er også Frank Sve frå Stranda sikra fast plass på Stortinget.

– Vi er på rett veg. Vi gjer det bra i Møre og Romsdal, og det har vi gjort lenge. Eg trur folk har oppdaga at det er to friskusar på topp av lista til Frp her i fylket, som dei gjerne vil ha på Stortinget. Vi blir oppfatta som frittalande og vi har eit brennande engasjement for sakene våre.

Frp-politikerne Frank Sve og Sylvi Listhaug
Foto: Trond Vestre / NRK

Små endringar – men Ap går tilbake

Målinga frå Norstat, gjort for NRK, viser at det ikkje er dei store endringane i mandatfordelinga i Møre og Romsdal på Stortinget.

Høgre er største parti og får 2 representantar, Senterpartiet er nest størst og får 2 representantar, det same får også Framstegspartiet. Arbeidarpartiet går tilbake og får eitt sikkert mandat, men kan komme inn med eit utjamningsmandat i tillegg.

Mandatfordeling juni 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
SP: 2 mandater, endring +1
H: 2 mandater, endring -1
FRP: 2 mandater, endring 0
AP: 1 mandat, endring -1
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 27.–31. mai600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Møre og Romsdal. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Møre og Romsdal gått til Arbeiderpartiet

Les mer om NRKs meningsmålinger

Meningsmåling juni 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med april 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 2.6% (endring: +0.4
SV: 4.1% (endring: -1.3
AP: 17.3% (endring: -3.5
SP: 20.3% (endring: -0.6
MDG: 3.1% (endring: +1.3
KRF: 5.2% (endring: +0.2
V: 2.2% (endring: +0.3
H: 23.0% (endring: +1.9
FRP: 18.0% (endring: -0.3
Andre partier: 4.1%
Utført av Norstat 27.–31. mai600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

– Tøff kamp

Arbeidarpartiet sin tilbakegang i denne målinga er ikkje i tråd med dei ambisjonane som førstekandidat Per Vidar Kjølmoen har for partiet.

Per Vidar Kjølmoen

IKKJE FORNØGD: Førstekandidat Per Vidar Kjølmoen er ikkje fornøgd med at Arbeidarpartiet går tilbake på denne målinga

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi har større ambisjonar enn dette her. Eg trur at når innbyggarane får med seg at vi i Arbeidarpartiet vil satse på skule, trygge arbeidsplassar og eldreomsorg, så vil vi gjere eit betre valresultat enn denne målinga viser.

Kva er din reaksjon på denne målinga?

– Nei, den er eg ikkje fornøgd med. Men det vi ser i Møre og Romsdal er at det er liten forskjell mellom dei fire største partia. Så dette blir eit hardt oppgjer heilt inntil mål. Eg trur det blir veldig spennande fram mot valdagen.

Poenget med at det blir ein tøff kamp framover til valet i september deler også Frp-leiar Sylvi Listhaug.

– Vi vil gjere alt vi kan for at vi ikkje skal få ei ikkje-sosialistisk regjering. men vi vil heller ikkje støtte ei regjering vi ikkje er ein del av. Vi skal kjempe som løver fram mot valet for å auke oppslutninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL