Hopp til innhold

24-åring frå Ålesund kan kome inn på Stortinget

Ei fersk meiningsmåling viser at det blir ein spennande kamp mellom dei fire store partia i Møre og Romsdal til hausten. KrF kan miste stortingsplassen dei har hatt sidan andre verdskrig.

Åse Kristin Ask Bakke, Ap

GLAD: Om Ap får like mange stemmer som meiningsmålinga seier, vil Åse Kristin Ask Bakke komme inn på Stortinget for første gong.

Foto: Arne Flatin / NRK

Møre og Romsdal skal fylle åtte av 169 plassar på Stortinget i år. I ei meiningsmåling som Norstat har gjort for NRK viser tala at kampen om dei plassane blir uhyre jamn.

Om Arbeidarpartiet får inn to kandidatar, vil Åse Kristin Ask Bakke rykke rett inn på Stortinget.

– Eg synest det er gledelege tal. Vi ser ein veksande trend for Arbeidarpartiet både nasjonalt og i fylket, seier Ask Bakke.

Ho er 24 år og har blant anna erfaring som varaordførar i gamle Sandøy kommune, som no ligg i Ålesund. No er ho inne i kommunestyret i den nye kommunen. Neste steg kan vere Stortinget.

Ask Bakke trur mange unge uroar seg for framtida etter pandemien.

– Eg er i ei fase i livet der eg sjølv vil ha heile faste stillingar, og eg vil sjølv komme inn på bustadmarknaden. Då trur eg det er viktig at vi unge er med og representerer heile folket.

Meningsmåling april 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med stortingsvalget 2017
Graf med oppslutning per parti
R: 2.2% (endring: +1.0
SV: 5.4% (endring: +1.5
AP: 20.8% (endring: -0.5
SP: 20.9% (endring: +7.9
MDG: 1.8% (endring: -0.4
KRF: 5.0% (endring: -1.1
V: 1.9% (endring: -1.6
H: 21.1% (endring: -2.5
FRP: 18.3% (endring: -4.0
Andre partier: 2.6%
Utført av Norstat 9.–13. april600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Kan miste mandat

Møre og Romsdal har i dag ni representantar på Stortinget, men ved valet til hausten er dette talet redusert til åtte. Av desse åtte plassane blir sju bestemt av veljartala, medan den siste plassen er eit utjamningsmandat.

I denne målinga mister både Høgre og KrF eitt mandat kvar. Frp mister eitt mandat, men andrekandidat Frank Sve er inne på det usikre utjamningsmandatet, som blir fordelt ut frå kor mange stemmer partia får på landsbasis, og kor mange reststemmer partia får i fylka.

Senterpartiet følgjer den nasjonale trenden og får eitt ekstra mandat frå Møre og Romsdal.

Mandatfordeling april 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
AP: 2 mandater, endring 0
SP: 2 mandater, endring +1
H: 2 mandater, endring -1
FRP: 1 mandat, endring -1
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 9.–13. april600 svar

Grafikken viser hvor mange mandater hvert parti ligger an til å få valgt inn på Stortinget fra Møre og Romsdal. I tillegg vil ett av partiene i Møre og Romsdal få tildelt et utjevningsmandat basert på nasjonale stemmetall.

Les mer om NRKs meningsmålinger

– Eg synest det er fenomenalt. Det betyr jo at vi får inn ein representant til på Stortinget, seier Jenny Klinge, som allereie er på Stortinget for Sp.

Jenny Klinge, Senterpartiet.

EIN EKSTRA KANDIDAT: Om Senterpartiet gjer eit godt val, kan dei ende opp med å få ein ekstra kandidat på Stortinget.

Foto: Senterpartiet

Målinga viser at Høgre er det største partiet i fylket, men mistar eitt mandat. Det vil seie at det vil vere to personar frå fylket som representerer Høgre, ikkje tre.

Trass i dette er stortingsrepresentant Helge Orten (H) fornøgd med målingane så langt.

– Det er veldig jamt i Møre og Romsdal og det blir ein tøff kamp. Dette er ein inspirasjon til å verkeleg få fram politikken vår framover, seier han.

Toppkandidat for Frp, Sylvi Listhaug, tek målinga med knusande ro.

– No er det mange månadar til valet så her skal det jobbast. Det er jamt i Møre og Romsdal mellom fire parti.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

HAR TRUA: Sylvi Listhaug er inne på Stortinget for Frp Møre og Romsdal. Ho har trua på at dei får fleire veljarar til årets Stortingsval.

Foto: Stian Lysberg Solum

Ho har trua på at dei får to kandidatar inn frå fylket.

– Det går i riktig retning, vi var på 13 prosent i februar, og no er vi på over 18 prosent. Vi ser det skjer mykje i fylket, seier Listhaug.

Mister truleg plassen på Stortinget

KrF har tradisjonelt sett vore eit populært parti i fylket, men no ser det ut til at dei mister plassen sin på stortinget, der dei har vore sidan andre verdskrig.

– Det vil vere veldig tøft for oss. Det er no eller aldri, mister vi plassen vår no blir det veldig vanskeleg å komme inn seinare, seier fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal, Randi Walderhaug Frisvoll.