Ifølgje ekstern rådgjevar Per Arne Bjørge, vil verksemda truleg likevel halde fram med produksjonen.
- Banken har stilt garanti og det vert jobba med ein refinansieringsplan for Sykkylven Stålindustri, seier Bjørge.
Lengre periode
Bedrifta leverer stål til møbelindustrien, og har vore gjennom ei lengre periode med problem der stikkorda har vore høg gjeld og stort underskot.
Bjørge legg ikkje skjul på at drifta ved Sykkylven Stålindustri ikke har vore tilfredsstillande dei siste to-tre åra.
Sterk krone
Sterk krone og høge renter samanlikna med EU har vore ei blytung bør, også for ein underleverandør som Sykkylven Stålindustri.
De fire siste månadene har det snudd og tala har byrja å gå i pluss.
No stuper både kronekurs og renter og eigarane vil difor ikkje gi seg no, men i staden satse vidare, men skifteretten var likevel ikkje til å unngå.