Hopp til innhold

Sverre ser deg

Den siste tida har politiet på Sunnmøre sendt fleire utanlandske vinningskriminelle ut av landet i ekspressfart etter at vektarar har tatt dei på fersk gjerning.

Vektar på jobb

Akkurat her har vektar, Sverre Horvli, stoppa mange tjuvar.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Mange av desse, såkalla omreisande kriminelle, har blitt tatt på kjøpesenteret Moa Amfi i Ålesund. I fleire av tilfella har politiet gitt stor honnør til vektarane som jobbar på senteret. Vi har vore med Sverre Horvli på jobb og han fortel at det ikkje er lenge sidan sist han ferska nokon i butikktjuveri.

–Vi tok folk for tjuveri i går, i forgårs og dagen før. Ja, det skjer nesten dagleg, seier Horvli til NRK.no

Mange kamera

Sverre Horvli jobbar som områdeleiar for NOKAS security på kjøpesenteret Moa Amfi i Ålesund. Senteret har om lag 6 millionar besøkande på eit år, så det skal godt gjerast å hugse alle som kjem innom.

–Vi har eit godt utbygd kamerasystem på senteret her, og det er eit uvurderleg arbeidsverktøy for oss, forklarar vektaren som har jobba 6 år på dette kjøpesenteret.

Overvakingsromet

Her sit Sverre på kontrollrommet og følgjer med på ulike skjermar som viser aktiviteten rundt om kring på senteret.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I tillegg til å følgje med på ulike kamera består jobben som vektar i stor grad av å vere på farta.

–Vi går og går. For litt sidan gjekk vi med skritteljarar på jobb. Då fann vi ut at vi gjekk 37 000 skritt på ein arbeidsdag.

Det svarar til cirka 21 kilometer i distanse.

LES OGSÅ:

Fryktar omreisande kriminelle er på tokt

Politiet trur det kan skje fleire innbrot

Håpar på preventiv verknad

Den siste tida har omreisande kriminelle som blir tekne for tjuveri blitt sendt ut av landet i ekspressfart. Horvli håper dette kan ha ein preventiv verknad.

Eg er glad for at politiet tar grep og er konsekvent strenge i denne praksisen. Samtidig er eg ikkje naiv. Eg trur nok ikkje folk i Aust–Europa følgjer med på lokale nyhender frå Sunnmøre.

Har tatt mange

Coop Hypermarked er ein av dei mest besøkte butikkane på kjøpesenteret og derfor er den også utsett for mange tjuveri.

–Akkurat her har eg tatt mange tjuvar på veg ut av butikken.

Vi står rett utanfor kassaområdet til Hypermarkedet. Dette området må alle som har vore inne på butikken forbi. Og ingen kan anklagast for tjuveri før dei har passert kassaområdet. Horvli fortel at han anten ser folk stikke ting unna via overvakingskamera eller han blir varsla av betjeninga. Og så er det berre å vente utanfor kassaområdet.

– Eg er alltid diskré og ber folk bli med litt unna folkemengda. Folk tilstår som oftast og angrar på det dei har gjort, men det kan ta litt tid.

–Kvifor det trur du?

Vektar i teneste

Ein viktig del av det å vere ein god vektar er å vere eit godt medmenneske, meiner Sverre Horvli

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det er vel sånn vi menneske er oppbygde. Når adrenalinet koker og ein er i panikk er det vanskeleg å tenkje klart. Dei først tre minutta eg snakkar med folk er dei opptatt av å finne på unnskyldningar. Då hender det ofte at dei lyg. Men så, når dei får roa seg litt, kjem vedgåinga. Og skamma. 98 prosent av dei vi tar skammar seg veldig.

Å vere eit medmenneske

Horvli fortel at eit avvæpnande smil og det å vere eit medmenneske kan vere svært nyttige eigenskapar for ein vektar.

–Når folk først byrjar å tilstå er det gjerne mykje som skal tilståast og forklarast. Folk fortel om sjukdom og andre vanskar dei har i livet sitt. Då er det berre å vere eit medmenneske. Eg er ikkje sint på dei. Dei har ikkje gjort meg noko.