Hopp til innhold

Fryktar omreisande kriminelle er på tokt

Politiet på Nordmøre etterlyser ein blå Seat etter tjuveri frå matbutikkar i går. I Ålesund ber politiet folk passe opp for tjuvar som bryt seg inn i hus på dagtid.

Politiet ved Coop Frei

Politiet var laurdag formiddag på Coop på Frei for å prøve å sikre spor etter tjuveriet av pengar fredag.

Foto: Eirik Haukenes

Politiet på Nordmøre etterlyser no ein blå Seat, med registreringsnummer APC, etterfølgt av tre tal. Politiet trur to svensktalande menn iløpet av fredagen stal pengar frå bakrommet på Coop på Frei.

- Vi antar at dette er mobile vinningskriminelle. Vi veit dei er i farta, men om dei er i distriktet eller har reist vidare, anar vi ikkje, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr laurdag formiddag.

Han seier politiet trur dei veit identiteten til den eine, og at han har bustadadresse i Noreg, men at begge to truleg har austeuropeisk opphav.

Undersøkjer overvakingskamera

Ved stengetid fredag kveld oppdaga dei tilsette ved Coop på Frei at nokon hadde stole pengar frå bakrommet. Tidlegare på dagen blei det også forsøkt å stele frå bakrommet frå Bunnpris Eidsvågen i Nesset.

- Vi går no gjennom overvakingskamera frå butikken, seier Bergem-Ohr etter at politiet laurdag formiddag var på staden for å sikre spor.

Ber butikktilsette passe betre på

Operasjonsleiar Bergem-Ohr meiner butikktilsette bør tenkje betre over korleis dei sikrar pengar og verdisaker. Han trur somme i butikkbransjen er for naive.

- Enkelte har funne ut at det går an å utnytte, seier han. Førebels kan han ikkje seie kva for samanheng det er mellom tjuveriet og tjuveriforsøket i dei to butikkane på Nordmøre fredag.

Oppmodar folk om å halde augene opne

Også politiet på Sunnmøre ber folk om å vere obs på kva som skjer i nabolaget. Dei siste dagane har det vore ei rekkje innbrot på dagtid i bustadhus, mellom anna i Skodje og på Hessa i Ålesund.

– Vi oppmodar folk om å melde frå dersom dei ser mistenkjelege personar eller folk og bilar som ikkje passar inn i nabolaget, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt.

Trur det kan vere samanheng

Det siste innbrotet blei oppdaga fredag kveld. Ifølgje politiloggen kom huseigaren då tilbake til huset sitt i Skodje, og oppdaga innbrot. Også der var det stole sølvtøy og smykke, og innbrotet var gjort ved å knuse eit vindauge.

– Det kan virke som gjerningsmennene er ute etter det same alle stadene. Det er sølvtøy og smykke som forsvinn, seier Sætre.

Ber om tips

Operasjonsleiaren har ikkje oversikt over kor store verdiar det er stole frå dei siste dagane. Men seier politiet er svært glade for tips.

– Vi set stor pris på tips frå publikum i desse sakene, seier Sætre.