Hopp til innhold

Politiet trur det kan skje fleire innbrot

Mange er bortreist på vinterferie, og den siste tida har det skjedd fleire innbrot i tomme bustadhus.

Politiet prøver å finne ut kven som står bak ei rekke innbrot, tjuveri og ransforsøk den siste tida. 
Kriminelle har vore på ferde fleire stader i fylket. Eit av dei siste innbrota som er melde til politiet skjedde i Tennfjorden på Sunnmøre.

Tjuvane braut seg inn gjennom eit kjellarvindauge då dei tok seg inn i eit bustadhus i Tennfjord på Sunnmøre i helga.

Benjamin Slyngstad

Benjamin Slyngstad (15) var den første som oppdaga at heimen til familien hadde blitt utsett for grovt tjuveri.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Politiet prøver å finne ut kven som står bak ei rekke innbrot, tjuveri og ransforsøk den siste tida. Kriminelle har vore på ferde fleire stader i fylket.

Eit av dei siste innbrota som er melde til politiet skjedde i Tennfjord på Sunnmøre. 15-åringen Benjamin Slyngstad hadde budd nokre dagar hjå besteforeldra då han drog heimom for å hente nokre ting.

– På veg ned til rommet mitt så såg eg mange ting som hadde blitt slengt utover frå skapa, fortel han til NRK.

Husa står tett i byggefelta i Tennfjord, men ingen såg dei som gjorde innbrotet ein gong i løpet av helga.

– Dei stal elektronikk, bunadsølv og slike ting, seier 15-åringen.

Ein samanheng

sparebøsse

Sparebøssene til dei minste barna på fem og sju år vart tømde av tjuvane som raida huset til familien Slyngstad i Tennfjord.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Den siste tida har det vore innbrot i fleire hus på Sunnmøre, og på Nordmøre og i Romsdal har det vore fleire ransforsøk og innbrot. Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef i Ålesund, trur at det er ein samanheng mellom dei etter kvart mange tilfella.

– Det er stort sett snakk om innbrot hus der folk har vore bortreist, seier han.

– Vi er framleis i ein tidleg fase, men vi synest heilt klart det er litt for tilfeldig at alle huseigarane har vore bortreiste medan innbrotet skjedde, legg stasjonssjefen til.

Som i Tennfjord har tjuvane vore ute etter pengar og lett omsettelege varer som gull, sølv og elektronikk.

Ta inn posten

Oddbjørn Solheim

Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef i Ålesund, oppmodar folk til å vere ekstra på vakt.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Solheim oppmodar folk som framleis er bortreiste om å be hjelp frå "den gode nabokjerringa".

– Det kan vere til hjelp å ha nokon som kan ta inn posten, slå av og på lysbrytaren og slike enkle ting.

– Sjølv bør ein vere forsiktig med å eksponere seg for mykje på sosiale media medan ein er borte og elles sjekke med naboar om mistenkeleg ferdsel, legg han til.

Solheim opplyser vidare om at ingen av dei som vart utsett for tjuveri hadde installert alarm i huset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL