Hopp til innhold

Bygger turløype inspirert av gammal vikingveg

I tidlegare tider var trebruer ein viktig ferdselsåre for å kome seg over dei norske myrene. No gjer ein moderne variant det lettare for Daniel å ta seg ut i naturen.

Ny kavlveg i Surnadal. Daniel Fiske tester.

Daniel Fiske er glad i å vere aktiv ute i naturen. Han lèt seg imponere over den nye kavlvegen i Surnadal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er heilt sjukt fint å kome seg ut i marka som dette her. Dette er noko eg absolutt har sakna, seier Daniel Fiske.

Han rullar med god fart bortover på treplankene. Rundt han er det opent myrlandskap, litt skog, med utsikt mot fjella i Trollheimen.

I Surnadal har dei bygd over ein kilometer med «kavleveg», brulagde stier i tre som tar ein tørrskodd over våtmark.

– Det er så flatt at ein slepp å slite seg ut med ein gong. Det er supert at ein kan fare her med manuell rullestol, seier Fiske.

Fann kavlebru frå vikingtida

Stiene er bygd fram til staden der ein slik veg ligg bevart i myra. Denne har forskarane funne ut er rundt tusen år gammal, og kan ha blitt brukt til å frakte naturressursar ned frå fjellet. Vegen har dei no gjenskapt med kulturstien.

– Vi har hatt ei arkeologisk utgraving kor vi fann byggemateriale- og metode. Det har vi prøvd å gjere opptatt så nære det historiske materialet som mogleg, seier Torgeir Leivdal, byggleiar i Husanotra, ein lærestad for tradisjonshandtverk.

Kavlveg i Surnadal. Torgeir Leivdal i Halsasnotra

Torgeir Leivdal, byggleiar frå Husasnotra, eit bygdemuseum som spesialiserer seg på tradisjonshandtverk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Delar av vegen er bygd grov og tru til historia, men dei har òg laga ein breiare og rettare veg med hjelp av moderne hjelpemiddel, ein som er rullestolvennleg. Med hjelp av eit lokalt sagbruk har dei laga eit byggesett dei meiner skal vere både solid og effektivt å legge.

– Vi såg på den gamle vegen at det var hogd ut på undersida over tverrliggaren, slik at dei ligg stødigare. Også er det stokka stukke rett ned i myra. Det er ikkje impregnert, det er enkelt, og ein treng nesten ikkje spikar, seier Leivdal.

No håpar han at også andre kan ha lyst til å ta i bruk den nye byggemetoden.

Kavlveg, moderne variant. I Surnadal
Kavleveg i Surnadal

Marius André Jenssen Stenberg

Håper det blir ein attraksjon

Vegen skal stå heilt klar til sommaren, og kommunen håpar det blir ein attraksjon. Vegen har støtte frå riksantekvaren og Nordmøre museum.

Anne-Lise Wullum

Anne-Lise Wullum gler seg til å opne vegen i sommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Du finn nok ikkje eit veganlegg bygd i tre av denne dimensjonen i Noreg. Eg trur det blir artig for folk å kome og sjå kva vi har laga, seier Anne-Lise Wullum i Surnadal kommune.

Mykje av grunnen til at gamle opprinnelege kavlbruer er godt bevart, er fordi dei ligg i sure og oksigenfattige myrer. Det blir òg ein fordel for dei nye stiene.

– I myra blir tømmeret bevart kjøle godt, det er nesten ikkje roteproblematikk. Eg trur vegen vil vare kjøle lenge, seier Leivdal.

Delar av den gamle kavlevegen på Eidet i Surnadal, datert til ca. 1100.

Den opprinnelege kavlevegen som blei funne i myra på Eidet i Surnadal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL