– Eg fekk fisk i går, så det gav meirsmak. Den var på tre og eit halvt kilo, så den var ikkje så stor, seier Bjørn-Helge Jøsokbakke.
Han er ein av dei svært mange som har prøvd fiskelykka i Bondalselva i Ørsta dei siste dagane.
– Det er mykje vatn i elva og det er mykje fisk, så då er det greitt å fare hit, seier han.
Varierande fangst
Årets laksefiske varierer sterkt frå region til region. I motsetnad til Sunnmøre er det i Romsdal og på heile Nordmøre svært labert fiske, medan det i Trøndelag og lenger sør på Vestlandet til dels er storfiske.
Sjølv om lykka ikkje er på Jøsokbakke si side denne dagen, så seier han at det er bra fiske slik elva er no.
– I dag er det meir ei tolmodsprøve, men det går bra, ein kan ikkje få fisk kvar gong, seier Jøsokbakke.
– Eventyrleg fiske
Medan det blir drive makkefiske øvst i elva, er det flugefiske som gjeld lenger nede.
– I går vart det tatt 22 fiskar og klokka ti i dag tidleg var det tatt seks stykk, seier tilretteleggjar i Bondalselva, Bjørn Urkegjerde.
Han har følgt laksefisket i Bondalselva i snart 50 år, og etter fleire magre år med dårleg fiske ser han no ei endring.
– Det er eventyrleg, for no har vi fantastisk fin vassføring med mykje snø i fjella. Det er heilt annleis enn i fjor, seier Urkegjerde.
– Må ha tolmod
Egbert Movawski frå Tyskland er ein av dei meir erfarne som prøver fiskelukka i Bondalselva. Han veit kva som skal til for å få ein fin fangst.
– Det som er viktig når ein er flugefiskar er at ein alltid må vere optimist, seier han.
Han har er godt kjent med Bondalselva for han har fiska her i heile 35 somrar, og fiskelukka slår til også denne gongen. Han drar opp ein laks på 2,2 kilo.
– Det var ein fantastisk fin fisk, seier fiskeveteranen nøgd.