Hopp til innhold

Ny laks til elva Rauma

Torsdag vart 45 000 smolt sett ut i elva Rauma for å bygge opp att den lokale laksestammen.

Fiskeyngel pumpes ut i elv, smolteanlegg der fisk blir håva over i stampar, helt over i tansportbil, køyrt til elva, mann skrur av rør, spurtar ut fisk,nærbilde av ett år gamal fiskeyngel, intervju dame, intervju mann FRA RUBRIKKTEKST: I Rauma håper laksefiskarane at elva igjen skal bli ei av dei beste lakseelvane i landet.
Fleire tusen lakseynglar vart i dag sett ut i vassdraget.
Dermed er arbeidet i gang med å tilbakeføre elva til det ho var før rotenonbehandlinga.

MANGE: Heile 45 000 smolt vart sett ut i elva Rauma torsdag.

Det er veterinærinstituttet som leiar arbeidet med å bygge opp att laksestammen i elva. Målet med arbeidet er at elva igjen skal bli ei av landets beste lakseelver. Prosjektleiar ved Veterinærinstituttet Mari Berger Skjøstad er svært glad for at arbeidet med å bygge opp at laksestammen no er i gang.

– Dette er ein flott dag, eg er svært nøgd, og det trur eg mange andre i Rauma også er.

Elva har dei siste tretti åra vore herja av lakseparasitten Gyrodactylus salaris, og den har vore gjennom fleire rotenonbehandlingar for å bli kvitt parasitten. Den siste av desse var i 2014. Leiar for Rauma elveeigarlag Vidar Skiri er nøgd med at ein no tek til på arbeidet med å bygge opp att laksestammen.

Vidar Skiri ved Raumaelva

NY START: Leiar for Rauma elveeigarlag Vidar Skiri håpar elva kjem i produksjon så fort som mogleg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Dette er starten på ei ny tid, elva er frisk og vi kan starte arbeidet med å sette ut ny fisk. Så dette er heilt klart ein milepæl for oss.