Hopp til innhold

– Vi har på ein måte gløymt kor viktig leiken er

Slå på ringen. Hauk og due. Katt og mus. Alt er leik. Og leiken har si eiga drivkraft og sin eigen verdi, og må slett ikkje gå i gløymeboka. Det meiner friluftsrådet som vil ha oss til å leike meir.

Lærarleik Inger Bakke

LEIKAR: Inger Bakke gjev alt når ho skal formidle leik og aktivitetar. No kursar ho lærarar slik at dei kan vidareformidle leiken til nye generasjonar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi må ha ein katt som gir gass!

Stemma til kursleiar Inger Bakke gjallar høgt i skulegarden i Volsdalen i Ålesund. Og skrattinga til alle lærarane ute på asfalten blir like høglydt når Jan-Åge Moe kjapt melder seg til å vere katten.

Og dermed er kattens jakt på musa i gang. Leiken er i gang. Både pulsen og humøret stig mot eit topp-punkt.

– Vi treng ikkje avkopling. Vi treng påkopling. Leiken gjer noko med oss. Og det er ufatteleg kor små ting vi kan gjere, seier Inger Bakke og utfordrar kursdeltakarane til meir leik og fysisk aktivitet.

Lærarleik Inger Bakke instruerer lærarar i barneleikar

SMIL OG GLEDE: Det blir både høglydt og høg stemning når Inger Bakke held kurs i leiking.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Lærer gjennom kroppen

Det er Sunnmøre Friluftsråd som har teke initiativ til å få endå meir leik inn i skulekvardagen.

Friluftsrådet meiner leiken gjer noko med oss. Og dei ser på skulen som ein viktig måte å få barn til å gjenoppdage leikane som tidlegare var med på å prege livet i skulegardane.

– Vi har på ein måte gløymt kor viktig leiken er. Barna sit mykje i ro. Men vi kan lære så mykje gjennom kroppen vår, gjennom det å leike med kvarandre, seier kursleiar Inger Bakke.

Læraleik Kurs for lærarar leik

GØY: Ingen kan vere i tvil om at det er artig å leike.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Sit mykje stille

Frykta er at mobiltelefonen og datamaskinene har teke over mykje av tida til barna. Gjennom kommunikasjon på skjermane får mange barn fylt behovet for både kontakt og leik.

Marita Hagen Kvalsvik

Lærar Marita Hagen Kvalsvik opplever at det er mykje stillesitjing i skulen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men ifølgje friluftsrådet fyller leik heilt andre behov. Særleg er uteleiken unik fordi den utviklar eit samspel mellom menneske, sjølve leiken og naturen rundt oss.

Uteleik medverkar til sosial forståing, initiativ, utforsking, robust rørsle, er sansemotorisk stimulerande, fantasieggjande, skaper samkjensle, tryggleik og triggar strategisk tenking, hevdar friluftsrådet.

– Det er mykje stillesitjing. Det er det dei har lyst til, eller dei trur det er dette dei har lyst til. Dei har kanskje ikkje repertoaret inne. Det er dette vi må hjelpe dei med, seier kursdeltakar og lærar Marita Hagen Kvalsvik.

Les også Fryktar barn mister kreativiteten av organiserte aktivitetar

Seglkurs med Ålesund Seilforening

– Tradisjonelle leikar kan forsvinne

I prosjektet «Slå på ringen» handlar det også om dei gamle barneleikane.

Jan-Åge Moe

Lærar Jan-Åge Moe meiner det er viktig å ta vare på dei tradisjonelle leikane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Friluftsrådet legg vekt på kor moro der er å halde på med dei, dei skal vere enkle å lære og kan varierast i det uendelege.

I tillegg er dei, ifølgje friluftsrådet, ein viktig del av vår kulturarv og dermed også ein del av vår identitet.

– Eg synest at det er viktig å ha fokus på tradisjonelle leikar. Desse leikane er i ferd med å forsvinne, seier lærar Jan-Åge Moe.

Lærarleil Lærarar lærer å leike på kurs

FULL FART: Lærarane lærer og skal lære dette vidare til neste generasjonar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det skjer noko med oss

Friluftsrådet hevdar at det har blitt mindre og mindre av dei gamle leikane i friminutta i skulen. Dermed har også mykje av kunnskapen om uteleikane forsvunne.

No vil friluftsrådet lære lærarane å formidle leiken vidare til komande generasjonar.

– Det handlar også om å utforske og forstå seg sjølv. Det skjer noko med eit menneske om ein gjer dette gjennom eigne opplevingar og ikkje gjennom ein skjerm, seier kursleiar Bakke.

Lærarleik lærarar lærer å leike på kurs Volsdalen skole

LEIK: Her pågår leiken blant lærarane på Volsdalen skole i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Les også Greske forskarar slår alarm om barnefedme – håpar norsk leik er redninga

Barn i Espira Salamonskogen barnehage på Bømlo

Les også Vil leike meir for å unngå skuletrøytte ungar

Fra venstre: Lilli Tungland Barka, Frida Skoie Hovland og Nikolai Haugland Hansen i 1d på Fjelltun skole på Jørpeland i Ryfylke