– One, two, three, four, five, six, seven, eight, nine, ten – jacket!
– Yes!
Det er engelsktime i 1D på Fjelltun skole på Jørpeland i Ryfylke. I dag har dei hjørneleiken. Elevane er så inne i leiken at til og med gledesutbrota kjem på engelsk.
Mens læraren eller ein elev tel til ti, spring dei andre elevane til kvart sitt hjørne kor det er hengt opp plakatar med engelske ord. Står elevane i hjørnet med ordet som blir ropt opp, er dei ute av leiken.
– Det er gøy, seier Lilli Tungland Barka.
– Heilt einig, seier Nikolai Haugaland Hansen.
For engelsk er ikkje så gøy dersom det berre er vanleg undervising.
– Det er så vanskeleg, seier Frida Skoie Hovland.
Dei to andre nikkar og er heilt einige. Snart er dei ferdige med sitt første skuleår. Eit skuleår som har vore bra for fleire, men ikkje alle.
Ser mange skuletrøytte
– Me har skuletrøytte ungar heilt ned i første og andre trinn, seier rektor ved Fjelltun skole, Gerd Næss Barka.
Spesielt mange gutar finn seg ikkje til rette på skulen og har åtferdsproblem, ifølge rektoren.
Derfor ser rektoren til eit
når ho frå hausten av ønsker dei nye førsteklassingane velkommen til nye Fjelltun skole på Jørpeland. Det blir ein av dei største barneskulane i landet.Stikkord for timeplanen til seksåringane blir:
- Første time startar med leik.
- «Magisk møte» skal erstatta elevsamling.
- Korte friminutt blir erstatta med langt friminutt midt i skuledagen.
- Temasamlingar erstattar tradisjonelle fag som norsk, matte og engelsk.
- Klassar blir erstatta av grupper med fargenamn.
– Har gått for langt med krav og forventningar
Timeplanen er inspirert av «Alle med-prosjektet» til Mosby oppvekstsenter i Kristiansand og skal gjelda for alle førsteklassingar i Strand kommune.
Det hårete målet er at alle elevar skal grina når det blir sommarferie fordi dei likar skulen så godt at dei ikkje vil ha ferie.
– Me har køyrd på med krav og forventningar og eg trur det har gått for langt. Nå er det å gå tilbake til då seksåringane kom inn i skulen. Då var det større fokus på leik, undring, utforsking og det å tenna engasjementet til elevane, seier rektor Næss Barka.
Gode erfaringar i Kristiansand
Ved Mosby oppvekstsenter i Kristiansand har dei gode erfaringar med tre skuleår med «Alle med-prosjektet». Sentralt i dette er å starta første skuletime med ein time leik.
– Me har ingen barn som ikkje er ein del av fellesskapet og ingen barn me må bruka ekstra ressursar på, seier rektor ved barneskulen, Karen Stenslund.
Målet til Stenslund er at ordninga med meir leik for førsteklassingane skal gjelda over heile landet. Så langt har ho halde foredrag for skuleleiarar fleire plassar i landet.
Frå hausten innfører også skulen i Kristiansand leik på timeplanen for alle trinn, frå 1. til 7. klasse.
– Kvardagen skal vera god for alle barn. Det handlar om å setja saman dagar med mykje aktivitet som gjer at elevane ikkje kjedar seg på skulen. Ein skal læra gjennom leik, men det er meir fagleg og mindre leik for dei høgare klassetrinna.
Håpet til rektoren er at prosjektet skal blir forska på av Universitetet i Agder.
Håpar andre tek etter
– Eg tykkjer det er heilt fantastisk at Fjelltun skule tek seksåringane på alvor og gjer dei høve til å leike på skulen, seier Svanhaug Lunde.
Ho er universitetslektor ved UiS og har forska og skrive mykje om leik og læring i barnehage og tidleg skule.
– Den beste måten barn lærar på er sjølv å få delta, verte inspirert og engasjert samstundes som leiken eller aktiviteten opplevast som gøy og meiningsfull. Mest viktig av alt er opplevinga av å høyre til i eit fellesskap, kjenne på tilhøyrsle og oppleve meistring saman med andre.
Ho er oppteken av at leiking ikkje skal stoppe med seksåringane, men vere ein del av skulekvardagen også når elevane vert eldre.
– Mitt håp er at andre skular tek etter og gjer leiken til ein integrert del av heile skuledagen, både på SFO og i undervisingsdelen, seier Lunde.
Får inn like mykje kunnskap
På Jørpeland i Rogaland seier rektor Næss Barka at meir leik for førsteklassingar ikkje kjem i konflikt med læremåla i grunnskulen.
– Det er ikkje kompetansemål før etter andre trinn, og me trur me vil komma betre ut fagleg med den nye metoden. Og gjerne med litt meir glød og iver over å gå på skulen.
Årets førsteklassekull på Jørpeland er også positive til den meir leikne timeplanen frå hausten av.
– Lurt, seier Frida Skoie Hovland.
– Eg synest det blir litt gøyare for dei som går i første klasse fordi dei får oftare leiketid, seier Nikolai Haugland Hansen.