– Dette er ikkje vanskeleg i det heile, kjem det frå ungane i Espira Salamonskogen på Bømlo i Vestland.
Med lette steg klatrar dei opp og ned på berget i uteområdet i barnehagen.
Stort sett går det fint.
Men av og til går det gale, og plaster må på.
– Litt skrubbsår høyrer med. Men me ynskjer jo ikkje at dei skal skada seg, seier styrar Heine Larsen i barnehagen.
Eit stort uteområde, med moglegheiter til klatring i både berg og tre, er viktig for barnehagen på Bømlo.
Foto: Olav Røli / NRKFryktar kulde
Nettopp den norske frileiken har fått dei greske forskarane Konstantinos Fissas og Elida Kalpogianni til Noreg.
Dei er begge knytta til organisasjonen Playing i Hellas som fremjer leik og aktivitet blant barn og unge.
I eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal dei no undersøkja om norsk barnehage har noko å læra dei.
Dei er nemleg sterkt uroa over overvekt blant greske barn.
Kalpogianni ser ein klar samanheng mellom mangel på aktivitet og overvekt i heimlandet.
– Ungane er ikkje nok ute og får ikkje vera aktive nok, seier Kalpogianni.
Årsakene er samansette.
Foreldre er redde for at barna skal frysa eller bli våte.
– Om det er 12 grader ute, ja ikkje minus, så meiner mange det er for kaldt. I staden sit ungane inne, fortel ho.
Mio Hopen Ådnanes har klatra heilt til topps. Mika Leander Klovning-Engseth, Vilde Gilje Kausrud, Astrid Skailand og Mari Mæland (vaksen) følgjer med.
Foto: Olav Røli / NRKWHO: Hellas på toppliste
Kosthald har også noko å seia. Den såkalla middelshavsdietten er i mange år trekt fram som ein suksessfaktor for eit langt og godt liv.
– Det er eit stort spørsmål om alle barn som lever rundt Middelhavet faktisk får denne dietten. Mange får ikkje så mykje frisk frukt og grønsaker. Dessutan er det mykje angst for mat, og fleire greske foreldre har ein tendens til å gje barna for mykje mat i staden for, svarar ho.
Tal frå WHO plasserer Hellas på topp tre-lista i Europa over land som slit med overvekt blant barn.
I Noreg finst det ikkje samanliknbare tal.
Men i barnevektstudien frå FHI kjem det fram at 12 prosent av alle tredjeklassingar målt i 2015 hadde overvekt.
Noora Ahmadi og Leah Isabell Klepperås Haugstulen har komme seg til topps.
Foto: Olav Røli / NRKOvervekt og auka BMI er ei stor helseutfordring for heile Europa.
Og utviklinga går i feil retning.
Dette har forverra seg sidan pandemien, som sette fart på ein inaktiv livsstil, ifølgje WHO.
Redde for skadar
Kalpogianni fortel at mange foreldre er redde for at barna skal skada seg i leik.
– Ein slik barnehage som her, med store steinar å klatra på, ville ha blitt sett på som farleg for mange greske foreldre, seier ho.
Heine Larsen er styrar i Salamonskogen barnehage, og viser her fram at barnehage er på jakt til Konstatinos Fissas (bak) og Elida Kalpogianni.
Foto: Olav Røli / NRKBarnehagen i Vestland er også aktiv i naturen. Og sist haust stod mellom anna fuglejakt på programmet.
– Dette ville ha vore eit absolutt,«nei-nei» i Hellas, seier Kalpogianni medan ho ser videoen av fuglejakta på telefonen til Heine Larsen.
Han fortel at det er avgjerande for barn sin motorikk og risikoanalyse å få leika ute i naturen.
– Skal dei læra seg å analysera risiko må dei også gå på nokre smellar, fortel Larsen.
Han får støtte av Bendik Sierra, faglærar i kroppsøving, idrett og friluftsliv ved HVL
– Barn er ikkje redde, og ein må sleppa dei fri. Dei må læra av sine erfaringar. I Hellas held dei barna igjen, seier han.
Matheo Hovland og Jonas Alvsvåg Særsten likar seg godt på klatretur.
Foto: Olav Røli / NRKLegg godt grunnlag
Professor Jostein Steene-Johannessen ved Noregs idrettshøgskole har sidan 2005 kartlagt aktivitet blant norske barn.
– Jo meir aktiv ein er som barn og ung, jo større er sjansen for å ta med seg gode vanar inn i livet som vaksen.
I alle hovudsak har aktiviteten halde seg stabilt for barn mellom 6 til 9 år. Men blant gutar på 9 år har tendensen peikt i feil retning.
– Årsaka kan vera at me no har fleire arena for stillesitjande aktivitet, som nettbrett, dataspel og mobil, forklarar han.
I Hellas står den akademiske tradisjonen sterkt. Og Kalpogianni fortel at dei fleste veit at barn ikkje blir sjuke av å vera ute i regn og kaldt vêr, eller å bli skitne på fingrane.
– Men me har ein tendens til å overbeskytta. No treng me å oppdatera folk på at aktivitet og leik er bra, seier ho.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker. Send meg ein e-post.