Hopp til innhold

Statkraft med milliardinvestering i Sunndal: – Eg er kjempeglad

Statkraft skal pussa opp kraftverk for fleire titals milliardar kroner. Dei vil oppgradera anlegga på både Sunndalsøra og Smøla.

Aura kraftverk i Sunndal

JUBLAR: Ordførar i Sunndal Ståle Refstie er veldig fornøgd med at Statkraft vil investera i kommunen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Måndag vart det klart at Statkraft planlegg å investera mellom 44 og 67 milliardar kroner for å oppgradera norske vass- og vindkraftanlegg.

Fleire industriprosjekt i Noreg har vorte sette på vent på grunn av kraftmangel. I 2022 stod over hundre bedrifter i kø for å kopla seg på straumnettet.

Statkraft trur ei oppgradering av gamle anlegg kan vera del av løysinga.

Aura kraftverk i Sunndal

Aura kraftverk vart påbyrja for over hundre år sidan, og stod ferdig i 1953. Det var vesentleg for å kunna byggja aluminiumsverket som Hydro driv på Sunndalsøra.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kraftverket Aura i Sunndal kommune er eit av anlegga som skal gjerast noko med, men det er ikkje bestemt om det skal verte oppgradert eller om det skal byggjast eit heilt nytt.

Alternativa vil bli sett opp mot kvarandre, og oppgåva vår er jo då å finna det rette alternativet, seier regiondirektør Kåre Hønsi i Statkraft.

Me håpar situasjonen er sånn at det lèt seg realisera med eit nytt kraftverk. Det er det me jobbar mot, legg han til.

Aura kraftverk i Sunndal

Regiondirektør Kåre Hønsi i Statkraft seier at det må gjerast noko på anlegget i Sunndal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil gi meir effekt

Ifølgje regionleiaren vil ikkje eit nytt kraftverk produsera veldig mykje meir energi, men det vil gi meir effekt.

– Det er viktig i møte med ei framtid der me treng meir effekt for å balansera ut ikkje regulerbar fornybar energi, seier Hønsi.

Vindmøller på Smøla

Statkraft ønskjer også å gjennomføra ei oppgradering av vindkrafta på Smøla.

Foto: NINA

Det betyr at kraftproduksjonen blir meir fleksibel saman med ulike typar kraft. Som vindkrafta på Smøla, der Statkraft også ønskjer å gjennomføra ei oppgradering.

– Vindkraft i dag er meir effektivt, for me får utnytta vindkraftpotensialet meir. Det er fort snakk om 40 prosent auke i krafta med å utnytta dei same vindresursane.

Aura kraftverk i Sunndal

Kraftverksjef i Statkraft, Per Ivar Ingstad og regiondirektør Kåre Hønsi.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil bety mykje for kommunen

Eit nytt kraftverk kan komma til å kosta mellom fem og seks milliardar kroner. Det kan gi ringverknader som får ordførar i Sunndal kommune, Ståle Refstie, til å jubla.

– Eg er kjempeglad. Det betyr at me får ei tid med arbeid i Sunndal. Det blir moglegheiter for bedrifter, og det betyr også at me kan få lagt til rette med bustader og rett og slett rusta opp heile lokalsamfunnet, seier han.

– Det blir bra, avslutter han.