Hopp til innhold

Straummangel kan stanse klimasatsing

Dei har investert fleire hundre millionar kroner i hydrogenfabrikkar i Norden. Desse skal bidra til å redusere CO2-utsleppet. Men den planlagde fabrikken i Møre og Romsdal heng framleis på tilgang på nok straum.

Norwegian Hydrogen sitt planlagte anlegg i Ålesund.

Kraftmangel i Møre og Romsdal skaper spenning for selskapet som held på med å utvikle ein av dei største hydrogenfabrikkane i Norden.

Illustrasjon: Norwegian Hydrogen

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at det er investert 200 millionar i fabrikken. Dette er ikkje korrekt. Selskapet har investert 200 millionar i fleire hydrogenfabrikkar i Norden.

I enden av ein lang skogsveg i Ørskog i Ålesund opnar det seg eit stort område. Fjellet er allereie sprengt ut, men kraftsituasjonen i Møre og Romsdal gir utfordringar for det som kan bli ein av Nordens største hydrogenfabrikkar.

Den planlagde fabrikken til Norwegian Hydrogen skal produsere fornybar energi i form av grønt hydrogen. Målet er å få til ein kraftig reduksjon i CO2-utsleppet.

Utfordringa er nok straum frå fornybare kjelder.

Hydrogenanlegget med rundt 50 arbeidsplassar skal kunne produsere 40.000 tonn grønt hydrogen årleg når det er i full drift, og vil krevje 2,4 terawattimar straum.

Venter på svar

Norwegian Hydrogen er avhengig av meir kraft for å kunne bidra til klimaomstillinga. Men kraftmangelen i Møre og Romsdal gjer at prosjektet tar tid.

Selskapet har søkt om tilgang til meir kraft, men administrerande direktør i Norwegian Hydrogen, Jens Berge, meiner prosessen er for byråkratisk og tar for lang tid.

Viss Noreg skal ha ei rolle i den grøne omstillinga så er vi nøydde til å få farten opp, seier Berge.

Administrerende direktør i Norwegian Hydrogen Jens Berge viser frem det området hvor det planlegges at en av Nordens største hydrogenfabrikker skal plasseres.

Administrerande direktør i Norwegian Hydrogen, Jens Berge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hydrogenet produsert i det planlagde anlegget vil, om alt går slik selskapet håpar, kunne redusere CO2-utsleppet med 500 000 tonn årleg. Det svarer til over 20 prosent av utsleppa til heile Møre og Romsdal.

Produksjon av grønt hydrogen vil bidra til å gjere utsleppsfri energi meir tilgjengeleg og bygging av infrastruktur for bruk i maritim industri, tunge køyretøy og industrielle prosessar.

Konsesjonsrunden for tildeling av meir kraftproduksjon tek først og fremst forferdeleg lang tid. Det er også slik at når den krafta som allereie er tilgjengeleg skal fordelast, så må ein gjennom unødvendig mange byråkratiske og tidkrevjande prosessar, seier Berge.

Vidare seier han at ein stor del av denne tida går med til at kvart prosjekt skal vurderast, i konkurranse med ei blanding av både realistiske og meir opportunistiske søknader, til meir eller mindre samfunnsnyttige formål.

Køen berre veks. Då er det ikkje lett å planleggje og ta omsyn til etablerte tidslinjer i dialog med verken kundar eller investorar, seier han.

Les også Ønsker å skape arbeidsplasser, men mangler strøm

Peggy Hessen Følsvik, Ragnhild Syrstad og Thomas Wasenden

– Det må gjerast mykje meir

Fleire rapportar viser at industrien og eksportnæringa kan få større utfordringar i tida framover, om det ikkje blir teke drastiske grep.

Stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H) er redd for at mangel på kraft er i ferd med å kortslutte klimaomstillinga og meiner det må gjerast mykje meir, og mykje raskare.

Dessverre ser vi at fleire aktørar som er avgjerande for norske arbeidsplassar og grøn omstilling ikkje får utvide, elektrifisert eller realisere seg på grunn av nett- og kraftsituasjonen, seier Astrup

Vidare fortel han at han ser lite teikn til at dagens regjering tek tak i situasjonen og får opp tempoet.

Nikolai Astrup er på besøk der det planlegges en hydrogenfabrikk i Ørskog.

Nikolai Astrup (H).

Foto: Remi Sagen / NRK

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) meiner dei har gjort meir på eitt år, enn det førre regjering gjorde på åtte år

– Vi har fullt trykk på at vi skal byggje ut nett raskare og utnytte den nettkapasiteten som allereie er der. Og så har vi gjort ei rekkje tiltak for å få meir kraft også inn i det norske kraftsystemet, seier han.

Olje- og energiminister Terje Aasland.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: William Jobling / NRK

For lite kapasitet

Bengt Endreseth er seksjonsleiar i energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han fortel at problemet ligg i at det er for lite kapasitet i leidningsnettet i tillegg til altfor lite eigenproduksjon av kraft i Møre og Romsdal.

– Framover må vi auke fornybar kraftproduksjon og vi må få meir prioritert utbygging av kraftnettet, seier Endreseth.

Seksjonsleder i energi og grønn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune, Bengt Endreseth.

Seksjonsleiar i energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune, Bengt Endreseth.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Jens Berge er likevel optimistisk og håpar hydrogenanlegget skal stå ferdig i 2028.

Motivasjonen vår er ganske enkelt å gjere nullutslepp mogleg, og det skal vi fortsette å gjere for full maskin både her heime og i utlandet.