Hopp til innhold

Vil heller køyre lenger enn å sokne til Molde

Regjering har varsla ei reform som vil bety store endringar i kommunekartet. I Sunndal har dei valt å kome reforma i forkjøpet.

I Sunndal har dei valgt å komme kommunereforma i forkjøpet. Dei inviterer sine innbyggarar til å sei si meining om dei bør søke partnerskap

Sjølv om Sunndal ligg nærare Molde enn Kristiansund vil innbyggjarane likevel ha Kristiansund som regionssenter.

Skilt på Sunndalsøra

Den næraste byen er Molde, men det bryr ikkje mesteparten seg om i Sunndal. Kristiansund er byen deira, seier Erlend Kvalstad.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Harriet Berntsen

Harriet Berntsen er assisterande rådmann i kommunen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Erlend Kvalstad (til venstre)

Erlend Kvalstad innrømmer at Molde vert mest brukt av sunndalingane, men likevel vil han heller sokne til Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Då regjeringa varsla kommunereform vart framtida usikker for mange småkommunar. Allereie i årets ferske kommuneplan har Sunndal invitert innbyggjarane sine til å sei si meining om dei bør søke partnarskap – og kvar. Svara har overraska på fleire måtar.

Midt i Sunndalsøra sentrum er det eit vegskilje mellom Nordmøre og Romsdal. Næraste by er Molde. Men kven skal dei gå til viss fylket delast opp i fire regionskommunar?

Fleirtal peikar mot Kristiansund

Eit klart fleirtal i undersøkinga seier at dei bør gå til Kristiansund sjølv om Molde ligg nærare. I undersøkinga er det berre tre av ti som vil koplast saman med Molde, mens seks av ti vil ha Kristiansund som sitt regionsenter. Berre ein av ti peikar mot Trondheim.

– Vi har fått bekrefta at sunndalingane kjenner seg som ein del av Nordmøre, seier assisterande rådmann i Sunndal, Harriet Berntsen.

– Nordmøre viktigare enn køyreavstand

Kjensla for gamle fogderigrensa er viktigare enn køyreavstand for folket i Sunndal. Blant dei 550 som har svart på undersøkinga er det heile 34 prosent som er positive til å dele fylket opp i fire regionskommunar.

– Det er raskast å køyre til Molde, så den byen vert mest brukt. Men det er Kristiansund som er byen vår, seier Erlend Kvalstad frå Sunndal.