Hopp til innhold

Stressless Jazz på førsteplass

Tyske interiør-magasin-lesarar har kåra Ekornes sin Stressless Jazz som sin favorittstol. Lesarane av det tyske «Wohnidee» hadde 18 stolar å velje mellom.

Stressless Jazz

Dette er stolen som tyskarane held som sin favoritt. Stolen er produsert av Ekornes i Sykkylven i Møre og Romsdal.

Foto: Ekrones

Det er første gong at det tyske magasinet inviterer lesarane sine til å stemme fram stitt favorittmøbel. I juni 2012 lanserte «Wohndidee» konkurransen. Til saman blei det lista opp 128 forskjellige møblar, innan 13 kategoriar. Kategoriane var delt inn i forskjellige typar sofaer, kvilestolar, skapmøblar, senger, stolar og bord.

Det er i klassen for kvilestolar at Ekornes Stressless Jazz nådde heilt til topps.

– Vi set stor pris på denne positive tilbakemeldinga frå konsumentane i den største møbelmarknaden i Europa, seier marknadsdirektør Runar Haugen i Ekornes.

Ekornes har også tidlegare fått prisar for Stressless Jazz. I 2008 fekk dei «Merket for god design» for denne stolen.

«Wohnidee» er eit tysk interiørmagasin som kjem ut ein gong i månaden. Magasinet har over 600.000 lesarar, og har også eiga nettside.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL