SAS Braathens har uansett kansellert fleire flygingar til og frå Vigra i dag tidleg, og første avgang er difor ikkje planglagt før klokka 10.40.
Risikerer venting
Det kan bli forseinkingar, men reisande bør møte opp som normalt, seier lufthamnsjef, Tor Hånde. Han er letta over at det blei ei løysing i siste liten mellom partane.
I morgontimane i dag var det unormalt stille i avgangshallen på Vigra. Kun vel ti passasjerar hadde møtt opp på det som vanlegvis er den travlaste tida på døgnet.
Det tyder på at dei flesta av dei reisande hadde fått med seg infomasjonen om at dei første flyavgangane vart kansellerte, seier Hånde.
Dei fleste fekk endra billetten og reiste til Molde for å ta fly derfrå. Nokre var det likevel som valde og avbryte reisa og vende heim.
Tor Hånde, lufthamnsjef
Stille
På Flybussen til 07-flyet til Oslo var det kun ein passasjer, det var ein mann frå England som ikkje hadde fått med seg at avgangane i morgontimane var kansellerte.
I alt sju avgangar til Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger er kansellert. Årsaken er at SAS/Braathens ikkje tok sjansen på at flya deira skulle bli ståande fast på flyplassen dersom det blei streik blant dei LO og YS-tilsette på Vigra, sier Hånde.