NRK Meny
Normal

Cruiseturistane kan gå glipp av minne for livet

Mange av turistane har spart i lang tid for den store reisa. For mange av dei er det den store draumen som går i oppfylling når skipet stemner inn den norske fjorden. No kan streik setje ein stoppar for draumen dei har sett fram til.

Turistskip Geiranger

Dette skipet er på veg til turistbygda Geiranger. Slike seglasar blir stoppa når losbåtførarane går ut i streik.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Frå onsdag er alle losbåtførarane i Noreg tekne ut i streik. Midt i den mest hektiske cruisebåttrafikken blir skipstrafikken lamma. Frå før er lostenesta i Oslofjorden tekne ut i streik. Frå onsdag er det full stans langs heile kysten.

Roger Notøy

Roger Notøy er hovudtillitsvald i Norsk Losforbund, Midt-Noreg.

Foto: Norsk Losforbund

Ove Skylstad, ass. reiselivssjef i Norddal

Ove Skylstad er dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjord og Trollstigen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
– Ingen losar blir sendt om bord i skipa, og ingen losar blir henta. Detsom Kystverket ikkje skriv ut dispensasjonar, må skipa berre snu, seier Roger Notøy, hovudtillitsvald i Norsk Losforbund, Midt-Noreg.

– Alvorleg for Geiranger

Svært mange turistar kan gå glipp av eit minne for livet. Og i bygdene langs kysten, som tek imot mange cruiseskip om sommaren, fryktar dei no følgjene av ein streik.

– Dette er alvorleg for Geiranger. Cruise er litt av imaget til Geiranger, og mange har gode inntekter frå cruisebåtpassasjerane. Det er trass alt over 200 anløp i løpet av sommaren. Vi kryssar fingrane og vonar at dette ikkje blir nokon langvarig streik, seier Ove Skylstad, dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjord og Trollstigen.

Store skip skal ha los

I hovudsak har alle farty på over 70 meter plikt til å ha los i indre farvatn. Nokre skip er unnateke losplikta, og nokre skip har eit sertifikat eller bevis, som gjer at dei ikkje treng å ha los.

Dette beviset, som heiter farledsbevis, blir skrive ut på bakgrunn av ei prøve, som viser om skipsføraren har gode kunnskapar om skipsleia. Beviset er knytt til person, farty og den leia skipet skal følgje.

– Turistnæringa hardt råka

Dei aller fleste cruiseskipa som vitjar kysten av Noreg er lospliktige. I desse dagar er cruisetrafikken i ferd med å nå eit høgdepunkt. I turistbygda Geiranger kan det vere opp til fire turistskip i fjorden på ein og same dag.

– Verken turistnæringa eller industrien får ut eller inn dei skipa dei har venta. I turistbygda Geiranger for eksempel blir det full stopp. Cruisebåttrafikken vil meir eller mindre stoppe heilt opp. Turistnæringa generelt vil bli svært hardt råka, seier Notøy.

Losane har dei seinare åra vore svært kritiske til at Kystverket har innvilga mange dispensasjonar frå losplikta. I januar i år rapporterte losane at talet på dispensasjonar var blitt tredobla. Losane fryktar no at Kystverket skal auke talet på dispensasjonar som følgje av streiken.

– Kan får dispensasjon

I forskriftene heiter det at det kan gjevast dispensasjonar frå losplikta om det er losmangel. Dette skal gjerast ut frå ei vurdering av tryggleiken. Det skal vere snakk om enkeltseglasar, og det skal skje i situasjonar der det er urimeleg å pålegge bruk av los.

– Det vil vise seg kva Kystverket gjer i denne situasjonen, men når det gjeld Geiranger kan situasjonen bli kaotisk. Nokre skip, som går frå hamn til hamn, og som alt har los om bord, vil nok kome inn fjordane framleis.

– Ikkje dispensasjon til tankskip

Det er ikkje berre turistnæringa som blir sterkt merkt om streiken blir langvarig. Langs heile kysten er det mange industristader og byar som er heilt avhengig av både nasjona og internasjonal skipstrafikk.

– Situasjonen blir den same for tankskip og andre frakteskip. Mindre skip får truleg dispensasjon. Industristader som Sunndal og Tjeldbergodden vil merke dette, seier Notøy.

Langs kysten ligg også mange tankanlegg som handterer drivstoff. Tankane er store, men blir streiken langvarig kan lagra med drivstoff gå tome. Og når det for tankskip-flåten er det dei strengaste reglane som gjeld.

– Når det gjeld tankskip har ikkje Kystverket høve til å gje dispensasjonar. Dermed kan det bli stopp i innskipinga av last som blir frakta med tankskip, seier Notøy i losforbundet.

– Ein situasjon vi ikkje har hatt tidlegare

Det er ikkje berre dei lokale bedriftene som vil merke følgjene av en eventuelt langvarig streik. Det er store selskap som er agentar for cruiseselskapa. Det er transportselskap, som skyssar cruisepassasjerane over land mellom dei forskjellige hamnene og det er guideselskap.

– Vi skal diskutere korleis vi skal handtere dette. Det kan bli ein situasjon vi aldri har vore i tidlegare. Reiselivsnæringa har ein kort høgsesong. Det er slett ikkje heldig om denne delen av næringa skulle falle ut i den mest hektiske perioden, seier Ove Skylstad.