Hopp til innhold

– Vi kjem i ein fortvilt situasjon

I dag og i morgon kjem bølgja med opptrapping av streiken. Skular, barnehagar og symjehallar vert stengde. Og fleire stader flyt søpla. Også deler av helsetenestene er råka.

Streik Molde

I dag fekk Kristine Vee levere Aurora. Men ho seier foreldre kjem i ein fortvilt situasjon. 15 tilsette ved Lillekollen barnehage er i streik.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fagforbundet utvidar streiken frå i dag tysdag. Unio utvidar frå i morgon, onsdag. I løpet av veka er 50.000 i streik i stat og kommune.

Vi trappar opp streiken frå onsdag. Då blir både fleire skular og barnehagar stengde, seier Ina Enoksen, streikeleiar i Unio Ålesund.

– Rutinane for barna blir brotne

Kristine Vee har barnet sitt, Aurora, ved Lillekollen barnehage i Molde. I dag tidleg møtte dei streikevakter ved inngangsporten til barnehagen. Lillekollen har redusert drift. I dag fekk Kristine og Aurora kome inn. Men annakvar dag må dei finne andre løysingar.

Lillekollen barnehage

På Lillekollen barnehage i Molde streikar 15 assistentar. – Vi tek tak i situasjonen frå dag til dag og organiserer oss deretter, seier styrar Kristine Klokk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er fortvilande for oss foreldra når det er streik i barnehagen. Dei gode rutinane for barna blir brotne. Og vi må finne andre løysingar. Det blir ikkje den same stabiliteten, seier Kristine Vee.

– Men du har flaks i dag?

– Ja, vi har eit tilbod annakvar dag. Det er bra. Dei tilsette har jo rett til å streike, så vi får håpe det fører fram. Men det blir vanskeleg om dette blir langvarig, seier Vee.

– Tek imot halvparten av barna

Lillekollen barnehage i Molde er ein av dei mange barnehagane som får redusert drifta kraftig som følgje av streiken. Dette er den største barnehagen i Molde. Vanlegvis er det plass til 127 barn der.

Her kan vi ta imot litt over halvparten av barna i dag. 15 assistentar streikar. Då må vi organisere drifta i forhold til talet på tilsette som er i arbeid, seier styrar Kristine Klokk.

Slår saman avdelingar

Ved Lillekollen barnehage i Molde slår dei saman avdelinga for å klare å oppretthalde deler av drifta. I nokre tilfelle får foreldra levere barna annakvar dag.

Vi rakk heldigvis å varsle foreldra fredag. Då la vi ein plan og fekk sendt ut varsel til alle, seier Klokk.

– Det er vel ein fortvila situasjon for mange?

– Ja, det reknar eg med. Dei er nok sett i ein vanskeleg situasjon. Og vi må takle dette frå dag til dag. Det er ein lovleg streik og må berre ta situasjonen slik han er, seier Klokk.

– Store arbeidsplassar råka

Det er ikkje berre småskular som er råka. Nokre av dei største skulane i Noreg, Borgund vidaregåande skole og Blindheim ungdomsskole blir råka av streikeopptrappinga.

Ein vil merke dette ved at folk er vekke frå arbeidsstaden sin. Nokre stader blir det heilt stengt, andre stader blir det redusert drift. Og dette er jo poenget med streik. Det skal merkast, seier Enoksen.

Kommunane informerer

Kommunane informerer både gjennom media, eigne heimesider og sosiale medium. Dersom du følgjer desse lenkjene, finn du detaljert informasjon:

– Går ut over tredjepart

Fagforbundet si opptrapping skjer alt i dag, tysdag. Og følgjene kjem fort til å bli synlege.

No vil ein truleg sjå at dette går ut over tredjepart. Slik blir følgjene når det er streik i offentleg sektor. Vi driv tenesteproduksjon, og vi vil sjå følgjene i skular, barnehagane og SFO.

Kommunane søkjer dispensasjonar

Kommunane har søkt om dispensasjon frå streiken. Nokre er innvilga, medan andre søknader om dispensasjon har fått avslag.

Det er sjølvsagt ikkje innbyggjarane i kommunane som er partar i streiken. Men i og med at vi driv tenesteproduksjon, kjem dette til å gå ut over innbyggjarane, seier streikeleiar i Fagforbundet i Molde, Anne-Mari Mordal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL