Hopp til innhold

Draumedagar på Strandafjellet

Stranda Skisenter har planar om å få World Cup-renn til bygda igjen, etter at dei opna skandinavias største og høgste skiheis sist helg. Forholda dei siste dagane gjer at optimismen er på topp, og skientusiastane kosar seg.

Video Draumedagar på Strandafjellet

Dei fleste som var i skibakken måndag var unge og gamle frå Austlandet som var heime på vinterferie, eller som prøvde anlegget for fyrste gong.

– Eg kjem frå Bærum, det er ikkje så fint der, det er mykje finare her, seier Johanne Welle Smogeli som er med mor og far på vinterferie.

I løpet av helga var det innom nærare 4000 besøkande innom, og dei som driv skianlegga opplever at det er fleire som vil opp i fjellheimen.

No, når anlegget på Strandafjellet er nesten ferdig, har dei byrja å tenkje på større arrangement. Dei som tek turen for å konkurrere her, vil få ei oppleving dei ikkje finn andre plassar i verda.

– Det er veldig, veldig bra. Du kan like godt reise hit som å reise til alpane, seier skiturist Jan Welle.