– Fleire bør gjere som Stranda
Kommuneøkonomi blir eit sentralt tema i budsjett-forhandlingane som Frp skal ha med regjeringa, og Stranda har snudd eit millionunderskot til overskot i løpet av få år. Hagen seier fleire bør gjere som Stranda.
Ordføraren i Stranda heiter Frank Sve og han representerer Framstegspartiet. Kommunen har vel 4700 innbyggjarar, og har inntil nyleg hatt eit underskot i kommunebudsjettet.
Omstilling
Carl I. Hagen (Foto: Scanpix)
Ein omstillingsprosess, som mellom anna har ført til 17 færre årsverk har gitt resultat. Stranda har no eit overskot på 4,7 millionar kroner. Fokus har vore på kommunen sine arbeidsoppgåver innan helse, omsorg og skule. Heilt i tråd med Frp sine politiske mål, seier Hagen.
Kommuneøkonomi i statsbudsjettet
Framstegspartiet skal no i forhandlingar med regjeringa om neste års statsbudsjett. Eit viktig område er kommuneøkonomi. Mange kommunar krev meir pengar.
Partiformann Carl I. Hagen seier kommunar som ikkje sjølv tek grep og gjer omstillingar som Stranda, ikkje kan vente auka løyvingar.