Hopp til innhold

Kvinnene flyktar frå fylket

Møre og Romsdal er det fylket i landet med størst underskot på unge kvinner. Fylkespolitikarane fryktar at det får konsekvensar for samfunnsutviklinga.

Ingen fylke har større kvinneunderskot enn Møre og Romsdal. Fylkespolitikarar ser behov for nye tiltak.

Sjå TV-saka: Møre og Romsdal er det fylket i Noreg som har færrast unge kvinner. No vil fylkespolitikarane sette i gong tiltak for å få kvinnene til å bli.

Ubalanse i talet på kvinner og menn i Møre og Romsdal, er no grundig dokumentert i ein studie utført av Møreforsking. I aldersgruppa 20 til 29 år er det berre 90 kvinner per 100 menn – færre enn i noko anna fylke.

Veronika Juvik og Marie Myhre Valderhaug

Veronika Juvik og Marie Myhre Valderhaug seier dei vil flytte vekk frå Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Veronika Juvik (16) studerer allmenn på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund. Ho vil truleg flytte frå Ålesund når ho er ferdig med vidaregåande.

– Den utdanninga eg vil ta finst ikkje her i fylket, så då må eg nesten flytte. Det blir truleg Oslo eller Danmark, seier Juvik.

Venninna Marie Myhre Valderhaug (16) fortel at ho vurderer å utdanne seg i Ålesund, men begge er samde i at det freistar å reise ut av fylket for å studere.

– Eg har lyst å kome meg ut i verda og oppleve noko anna. I tillegg blir ein meir sjølvstendig når ein flyttar vekk frå vener og familie og må bu for seg sjølv, seier ho.

Vel tradisjonelle yrkesval

Utdanningsutvalet har forsøkt å motivere til yrkesval som tener fylket. Då er det mellom anna viktig at jenter utdannar seg til yrke som gir dei ei framtid i Møre og Romsdal. Til trass for dette viser statistiske at dei fleste 16- åringar vel tradisjonelle yrkesval.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde trur det er fleire årsaker til at kvinner vel å flytte frå Møre og Romsdal.

Foto: Brede Røsjø / nrk

– Vi ser at flest jenter vel studiespesialiserande løp, medan gutane vel meir tradisjonelle handverk- og industrifag som for eksempel byggfag og elektro, seier Sverre Hollen, fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal.

Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar, trur det kan vere fleire grunnar til at få unge kvinner vel å busette seg i Møre og Romsdal.

– Det er sjølvsagt eit samansett bilete, men det er klart at vi har hatt eit veldig kjønnsdelt arbeidsliv her i Møre og Romsdal. I tillegg har dei sentrale næringane i fylket i stor grad fokusert på menn, seier Gjerde.

– I tillegg har det tradisjonelt vore veldig mange menn i dei leiande stillingane i politikken, held ho fram.

– Må gjere oss attraktive

Mange kommunar har hatt «Kom heim»-aksjonar, for å prøve og lokke kvinner og menn tilbake til fylket, men mykje tydar på at tidlegare kampanjar har vore mislykka.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal meiner Møre og Romsdal må gjere seg meir attraktive for å lokke unge kvinner og menn tilbake.

Foto: brede røsjø / nrk

Eva Vinje Aurdal, leiar for likestillingsutvalet i Møre og Romsdal, meiner det er viktig at kommunane gjer seg så attraktive som mogleg.

– Vi må slutte å rope kom heim og redd oss. Vi må i staden gi unge kvinner og menn gode grunnar til å flytte heim, seier ho.

For dei to venninnene Veronika Juvik og Marie Myhre Valderhaug kan det bli aktuelt å flytte tilbake til Ålesund etter kvart. Men det er avhengig av at dei har noko å flytte heim til.

– Det er her familien og mange av vennane mine bur, men då må det vere mogleg å få jobb og bustad her, seier Juvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL