Hopp til innhold

Gler seg over at fleire søkjer yrkesfag

Tala på ungdom som søkjer seg til yrkesfag har auka frå i fjor til i år. Det viser søkjartala for dei vidaregåande skulane i fylket.

Studenter i arbeid

Fleire unge i Møre og Romsdal ønskjer å ta vidaregåande utdanning.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sverre Hollen

Sverre Hollen er utdanningssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er svært positivt, særleg fordi næringslivet har signalisert tydeleg at dei treng fagarbeidarar i dei aller fleste fag framover.

Det seier fylkesutdanningssjef Sverre Holen. Han trur ungdommen har tatt inn over seg kva behov som finst for arbeidskraft.

– Ja, det kan virke som om mange følgjer med på kva som blir sagt av sentrale aktørar, seier han.

Det er flest gutar som søkjer seg til yrkesfag, medan tendensen framleis er at dei fleste jentene søkjer seg til fag som gir studiekompetanse.

Auke innan fleire yrkesfag

I alt har 3686 ungdommar søkt om å starte vidaregåande utdanning i Møre og Romsdal til hausten. Det er ein liten auke frå i fjor. Av 91 fleire søkte seg til yrkesfag samanlikna med 2014.

– Vi ser at det er ein gledeleg oppgang i søking til bygg- og anleggsfag, som har hatt ein nedgang dei siste par åra. I tillegg ser vi at det er stabil søking til dei store handverks- og industrifaga, slik som elektrofag og teknikk- og industriell produksjon, seier Hollen.

I tillegg viser han til at industrifaga er det helse- og oppvekstfaga som merkar seg ut med gode søkjartal.

– Innanfor desse yrka er det framtidige behovet for fagarbeidarar vere veldig stort, så dette er ei utvikling vi håper held fram.

Fleire vil bli lærlingar

Dei siste åra har det vore ein nedgang i søkjartala for linja design og handverk. Så også i år. Også medium og kommunikasjon går ned, særleg i Ålesund, men Hollen trur det handlar mest om konkurranse mellom skulane. Med unntak av Volda går også søknaden til musikk/dans/drama ned.

– Der har skulen vore flink til å promotere dette tilbodet, så der ser vi at det er mange søkjarar, seier Hollen.

Hollen meiner også å sjå ein positiv tendens i at fleire av dei elevane som har gått yrkesfag i to år, også ønskjer seg lærekontrakt.

– Vi ser at det er 41 fleire som søker lærekontrakt i bedrift enn i fjor. Det skuldast nok delvis at det har vore mykje fokus på at det er stort behov for fagarbeidarar i framtida.

Søkjarar til vidaregåande utdanning Møre og Romsdal 2015

Fag

Søkjarar 2014

Søkjarar 2015

Bygg og anleggsteknikk

127

163

Desing og handverk

105

86

Elektrofag

413

404

Helse- og oppvekstfag

364

449

Idrettsfag

232

233

Musikk, dans, drama

125

139

Medier og kommunikasjon

151

100

Naturbruk

75

84

Restaurant og matfag

93

111

Service og samferdsel

101

149

Studiespesialisering

1248

1231

Teknikk og ind.produksjon

563

537

Ekspander/minimer faktaboks